Skip to content

8.mai

mai 8, 2017

IMG_8981

Det grønkar så det er kjekt å sjå. Bjørkene har den fine grønfargen dei har når bjørkeblada er heilt nyutsprungne. Bøka har og veldig fin farge nå, og andre tre står med bresteferdige knoppar.

Veret er lunefullt på våre kantar og på denne årstida. Frå å gå rett frå vinterver og snøslaps til full sommarvarme, var det i dag kaldt vårver der vår gamle kjenning nordavinden gjorde sitt. Ein del ungar kom til skulen i shorts og andre tynne sommarklede etter den fine helga, og hadde det sikkert iskaldt i friminutta. Sjølv var eg vakt frå kvart på ti til ti utan ytterjakke, og lengta kvart einaste minutt på å få koma inn til litt varmare temperatur att…

I dag hadde eg ein telefonsamtale med sonen til Andreas Bø der han brukte tre kvarter av dagen sin på å fortelja meg om far sin, så nå gler eg meg til å få lov til å vidarefortelja. Eg set så stor pris på at menneske raust deler med seg utan å «få noko igjen» for det. Eg har ein teori om at om me byr litt raust og romsleg på det me har å dela så blir livet rett og slett ein litt vennlegare plass.

Sjølv om det var heller kjøleg, så var det heilt nydeleg ute. I kveldinga leitte me fram litt varmare jakkar for å dra ut på tur. Det vart eit stopp i området rundt Madland hamn, og eit stopp på Kvadsheim fyr. Om eg skal seia det sjølv: Så utruleg fint me har det på Jæren. Det er ei gåte at turistane ikkje kjem hit i flokk og fylgje i mykje større grad enn dei gjer. Kanskje det har med den allereie nemnde nordavinden å gjera?

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: