Ebeltoft
Denne byen har me feriert i før, for 31 år sidan for å vera nøyaktig. Me leigde sommarhus her i lag med Jan og Hilde. Eg var gravid med Odd Christian og Hilde med Ingvild. Det var sol og varmt og me bada mykje i sjøen dersom eg hugsar det rett. Nå er me ein generasjon inn i framtida. Så langt har det ikkje frista å finna fram badetøyet. Temperaturen her ligg på rundt femten grader, og regn og sol og vind skrur seg av og på slik at det er vanskeleg å svara kort på korleis vêret eigentleg er. Ebeltoft er framleis ein veldig koseleg småby.
I går føremiddag rakk me å gå rundt i gatene på litt lørdagshandel med innlagd pause med kaffi og vaffel på ein fortauskafe.
Så begynte det å regna og me sette oss i bilen for å sjå oss litt om i området.
Det er fint her. Etter å ha hatt ein middagspause i sommarhuset vårt med innlagd kaffi i sola og brodering av dåpskjole, gjorde me noko såpass spesielt i ein Danmarksferie som å dra på ein slags fjelltur. Me kjørte på smale grusvegar opp til det som på kartet heiter Mols bjerge.
Landskapet var vakkert og lyset heilt fantastisk. Eg har prøvd å fanga det med mobilen. Eg liker Leif sin hang til å ferdast litt utanfor allfarveg. I dag, sundag, har me og fått med oss noko heilt spesielt som eg kjem tilbake til i neste innlegg. Først på eg lasta ned nokre av bileta eg vil visa fram.
Heidi