Draumen om eit forsvarleg liv?
I går opplevde me noko interessant og spesielt. Reisepartnaren min, som veit å snusa opp spanande reisemål, hadde funne ut at det var open dag i ein økologi- fokusert landsby ikkje langt frå oss. I eit område ved den vesle byen Feldballe, lever det ei gruppe menneske som har vald å byggja halmhus, som tar ansvar for eigen kloakk og eige avløpsvann og som har prøvd å laga eit bu og livsstilsalternativ som belastar kloden minst mogleg. Siste sundagen i juni opnar dei for at folk skal koma inn på besøk, det blir arrangert seminar, omvisningar og forestillingar, og i fleire av hagane er det laga til små kafear.
Det å byggja halmhus er ikkje bare- bare fekk me vita. Det er arbeidskrevjande og utfordrande og dei fleste gjer mesteparten av arbeidet sjølv. I løpet av dei tretten åra prosjektet Friland hadde eksistert hadde dei gjort seg mange erfaringar og lært mykje. Husa blir bygde med eit skjelett av halmballar og så lag med mur/ leire utanpå og inni. Nokre hadde og vald å kle husa med tre. Dei var dyre å byggja og med ganske lite buareal, så dei som slo seg ned der måtte leva med at det truleg var eit økonomisk tapsprosjekt dersom dei valde å flytta der i frå. Folk som gjerne ville kjøpa jord og bygga hus der måtte godkjennast av eit bebuarråd, både for å sjekka ut om dei visste kva dei gjorde og om dei passa inn i konseptet.
Dette var eit buområde nokså ulikt dei pyntelege byggefelta heime. Det næraste me kan koma reint førsteinntrykksmessig er kanskje våre eigne litt ufrivillig overgrodde blomsterbed… Her var førsteinntrykket, skakt, skeivt, kaotisk og ganske rotete på ein i og for seg sjarmerande måte. Gras, blomar, urter og grønsakar vaks villig, i gatene var det grus og utanfor husa stod det gamle lenestolar og haugar med ulikt bygningsmateriale ved vannliljedammar og innegjerda gjess. Toalettartikler er med eigne avløp og reinsketankar og alt avløpsvatn blir filtrert gjennom private reiskeanlegg med knuste skjell og sand. Ho som viste oss rundt meinte det var oppdragande å ta konkret og fysisk ansvar for eige søppel. Her er tanken at alt skal gjenvinnast og gå tilbake til naturen.
Kva dette minna meg om? For å vera litt ufiltrert ærleg så vil eg seia ein blanding av Korsveifestival, Fristaden Christiania, eit kolonihageområde og Vikingland i Tusenfryd. Eg har ingen grunn til å tru at det på nokon måte er Christania- problematikk der, det er det ingen grunn til å tru, må eg skunda meg å seia. Ein del av dei som bur der har etterkvart fått jobben sin knytta til staden, dei kan jobba med dyrking, som kunsthandverkarar, eller som ulike formar for terapeutar. Det vart og halde kurs i snekring og urtedyrking.
Om dette er ein livsform som tiltalar meg? Ja, på ein måte. Eg skulle gjerne budd her litt og sett korleis det er der på vanlege dagar, når det plaskregnar om hausten og når det er kaldt om vinteren. Framleis er dette veldig alternativt, men kanskje det er ein mykje vanlegare måte å tenkja på om ti år?
Heidi