Gå til innhald

Det danske hjørnet av sjela mi

juli 4, 2017

imageEg har sikkert gitt mange og sterke uttrykk for i stor grad eg opplever Jæren som mitt landskap og den staden eg har røter. Likevel, eit hjørne av sjela mi er heit dansk, det er eg ikkje i tvil om. Det er noko med roa, den rolege måten å pusta på og den jordnære romslegheita eg opplever i Danmark som tiltalar meg veldig. Det er liksom ikkje slik at alt hastar. Folk syklar like mykje rundt i vanlege klede som med sykkelbukser og sjølvlysande gul jakke, og det er kø framfor kakediskane i konditoria. Ikkje det at eg nødvendigvis stiller meg i den køen, men eg nyt på ein måte å observera at folk gjer det med største sjølvfylgje,  sjølv om det er opplese og vedteke at det ikkje er sunt i det heile tatt. Eg elskar Benny Andersen sine humoristiske tekstar rundt det å leva og det å vera dansk, og eg liker at det er gratis jazzkonsertar framfor rådhuset i Ebeltoft kva laurdag klokka tolv, og at dei sender lyrikkprogram på radioen når me køyrer tur på laurdagskvelden.

Sjølvsagt kan det tenkjast at eg romantiserer Danmark fordi eg stort sett bare har vore her når eg har ferie og dermed overfører litt av min eigen sinnstilstand til folket rundt meg.

Noko som eg i alle fall veit er at den danske sommaren er usedvanleg vakker. Eg var her mange år på rad i oppveksten, og eg hugsar det som samanhangande rekkjer av dagar med sol og bading. Kanskje sommarklimaet har forandra seg, for det er ikkje sånn det har vore dei fem gongene me dei seinare åra har leigd sommarhus og teke med familien til Danmark. I dag var badetøyet med oss på tur, men me valde å ikkje bruka det. Vatnet her held omtrent same temperaturen som på Orrestranda, tenkjer eg. Kanskje me kastar oss uti på trass ein dag før me reiser heim. Eg er blitt lystbadar på mine vaksne dagar, og badar bare når eg trur eg kan få varmen i meg at slik at eg kan bada i minst eit kvarter når eg først er uti. Folk klagar på sommarveret, som vekslar i eitt sett mellom nydeleg sol, regnbyger, vind og vindstille. I går snakka me med nokon som sa at akkurat det er typisk for den danske sommaren. Kanskje me som bur litt nord i verda rett og slett må nedjustera tankane om sol og varme og godta at Skandinavia ikkje er Syden?

Det som er sikkert er at sommarnaturen her er så vakker at eg nesten får lyst til å grina vemodstårer… På biletet på toppen kan det kanskje anast ein kvit måne som kjem dårleg fram på fotoet. Det ein ikkje ser er biene og humlene som surrar i kornet og hundrevis av svaler som stupar opp og ned og leitar etter insekt.

Og slike enger med valmuer, prestekragar og kornblomar har me ikkje heime. Valmuer er noko av det finaste eg veit.

image

Dette er ei rundkjøring, i tillegg til eit litt lite flatterande foto av sjåføren. Slike kunne me godt hatt heime…

Stokkroser og bindingsverkshus…

image

Og den mest pastellfarga solnedgangen eg har sett. Biletet er heilt uredigert.

Me har leigd eit lite sommarhus ti minutts kjøring frå Ebeltoft. Det er ein fin hage og moglegheiter for å sitja ute på alle baugar og kantar alt etter kor vinden kjem i frå. Det er det vakraste, og det minste sommarhuset me har leigd i Danmark. I huset er det bare eit soverom, men det er eit anneks i hagen med sengeplass til fire. Inne er det heimekoseleg med ein lun og lys og lett stil. Huset er ganske gammal og kjøkkenet er knøttlite. Me går gjennom kjøkkenet for å koma inn. I hagen er det masse blomar og det vrimlar av fuglar.

Det er eit stykke å gå til sjøen, men bak huset er det eit lite tjern med tursti, ender og vannliljer. På taket på annekset har dei laga ein solterasse med bratt trapp opp. Derifrå er det utsikt til både tjernet og havet og solseng, benk og stolar. Det er sikkert ekstra fint der viss det er så varmt at ein treng ekstra luftning.

Eg syntest i utgangsdagen at tre veker var lenge å vera i ro på eit sommarhus men dagane forsvinn som røyk under himmelen og sand mellom fingrane. Akkurat nå skulle eg gjerne ha vore her i åtte veker. Det er ein fin og roleg plass til å sitja og jobba med dikta mine og til å brodera og strikka. Kvar dag tek me bilturar til byar eller bare på bitte små vegar i det nydelege landskapet her i Mols.

Og museum og kunstutstillingar har me og fått med oss fleire av. For oss som lever så fullpakka dagar til vanleg er det fantastisk å vakna om morgonen og ikkje vita heilt kva som skal skje den dagen. På fredag kveld får me meir besøk. Det blir kjekt det og.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: