Minste Matrusjka
Du vesle elska barn
som framleis gøymer deg
i eit mjukt om omfavnande mørke av mor,
der kjærleg dempa stemmer og songar,
musikk og hjarteslag omgir deg
tett på alle kantar,
medan du,
truleg temmeleg fatta,
sutter ubekymra på totten
og sparkar mot det mjuke varme.
Når du kjem ut av dine hemmelege rom,
og møter blikket mitt med lyseblå tillit,
skal eg fortelja deg om fire lag mødrer
du skal bera med deg over di eiga hud,
over dine eigne hjarteslag og nervebanar.
Måtte dei bli deg til styrke.
Du har mykje å gle deg til.
Heidi
Kommenter innlegget