Gå til innhald

Kalla den änglamarken eller himlajorden om du vil…

juli 6, 2017

image… Jorden vi ärvde och linden den gröna

Vildrosor och blåklockor och lindblommor och kamomill

låt dem få leva, de er ju så sköna…

Så langt gamle Evert Taube. Eg ligg i sola i ein nokså paradisisk dansk hage med humler, bier, lavendel farmorsblommar og fullt av kvirande småfuglar. Det siste skuldast nok at det både er ein fuglekasse med ungar her og forskjellige matestasjonar med både brødbitar og solsikkefrø. Sola varmar ryggen og i går bada me i havet. Det er skikkeleg sommar- sommar, slik som me drøymer om heile året.

Eg les i ei nettavis at me i fylgje forskarane har nøyaktig tre år på oss for å snu klimautviklinga dersom ikkje jorda skal bli uoppretteleg skadd… Det er i grunnen ei nådetid, for eg høyrde liknande tal for fleire år sidan. Eg har lyst til å hylla ut så høgt at alle høyrer. Jammen då må me jo bretta opp erma og gjera noko med det NÅ!

Eg veit at me blir ståande og seia som Sigvart Dagsland gjer i songen : «Ka kan eg gjørr, eg e så liden?» Eg veit det er lett å bli overmanna av eigen utilstrekkelegheit, og kan innrømma at her i vårt danske ferieparadis er det ikkje eingong lagt opp til søppelsortering. Det kjennest feil å kasta eggeskal og plastemballasje i den same store dunken, men eg har akseptert utan å prøva å finna meir miljømessig berekraftige løysingar dei vekene me er her. Det eg veit er at kvart menneske som blir fødd har ein stemme kvar og at me har ansvar for å bruka vår eiga røyst. Dette er eit forsøk på akkurat det frå mi side. Me har alle ansvar for å påverka så godt me kan når dei store avgjerslene skal tast.

Eg skulle ynskja at eg ikkje trudde på forskarane sine dystre spådomar, men problemet er at det gjer eg. Det er alt for mange indikatorar som seier at dette er meir enn normale klimasvingningar. Skulle eg ta feil så skal eg vera den første til å jubla over det. Det er ikkje i mange tilfelle eg har så lyst til å vera blant dei som tar feil som eg har i akkurat denne saka. Eg istemmer og den journalisten som nettopp skreiv at han framleis hadde ein slags draum om at presidentvalet i USA bare var ein «practical joke», eit slags skjult kamera, og at nokon ein dag veldig snart avslører skodespelet for resten av verda. Bodskapen «Trudde du verkeleg på dette?» ville utan tvil få mange av oss til å pusta letta ut og hyla av latter.

Men dei av oss det er pålagd den tunge børa at forskarane har rett, kva kan me gjera? Hjelper det at me søppelsorterar, forsøplar mindre gjennom å forbruks mindre, lar vera å reisa med fly og brukar sykkelen meir enn bilen? Eg liker å tru at det gjer det, men meir enn noko må me bruka stemmane våre inn i dei miljøa me tilhøyrer og dei politiske partia me har tiltru til. Eg trur dette er ein av dei viktigste tinga nokon kan bruka stemme på. Me er små og bur i eit lite land, eg har eit håp om at me som bur i og styrer dette landet tek ansvar både innanriks og utanriks.

Kvar dag når eg er i lag med klassevis av ungar på jobben, og ikkje minst når eg sit og broderer i kvitt og sølv på dåpskjolen til eit lite barnebarn som framleis ikkje har opplevd å sjå korleis me har det her ute, så er det mitt ynskje og mi bøn at barna skal  veksa opp i ei god og fredeleg verd og oppleva mange slike dagar som den eg får oppleva akkurat nå i dag.

Det er ikkje verken første eller siste gongen me høyrer ulike formar for dommedagsprofetiar. I nittenåtti eller åttiende hadde me besøk av svenske Håkan Wahl på Kristiansand Lærarhøgskule. Han haldt utmerka foredrag om internasjonal forståing og krydra det med å synga og spela piano. Eg hugsar spesielt ein song som eg trur er  skriven av Cornelis Vreesvik «När man ser på hur barnen…» om barn som leiker uforstyrra og glade. Kvart vers sluttar med » … Kan man undra om barnen når sinn får ett glas öl». Eg greip meg i å tenkja at det var mykje med mine den gongen eventuelle barn si framtid som bekymra meg meir enn om dei skulle få øl. Nå kan eg trøysta både meg sjølv og Håkan og Cornelis med at det har dei fått.

Det er mykje som har stat gale ut som har gått bra, og mykje som framleis kjem til å gjera det. I dag kjende eg bare at eg var heilt nøydt til å bruka den vesle stemmen eg har fått og ropa ut at me må våga å ikkje gå blinde og døve gjennom verda. Me må handla medan tida endå er tid.

Heidi

image

From → Uncategorized

2 kommentarar
  1. Magnhild permalink

    Du skriver så flott uten å moralisere eller være overfladisk. Sangen til Sigvart Dagsland som du refererer til har fulgt meg i 4 år og dukker stadig opp i hodet mitt når ting butter i mot.

    Ha en fortsatt fin ferie.

  2. Talk det same 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: