Æg halta bara nå æg går
Ståle, ein venn av meg, har sagt denne setningen mange gonger : «Æg halta bara nå æg går». Han haltar etter ei trafikkulykke i barndomen, men bare når han går… Når han sit, syklar, kjørar bil og står haltar han ikkje. Dette er visdom eg har reflektert litt over, og kome fram til at det er skikkeleg godt sagt…
For tjue år sidan sa eg til ei god venninne at eg aldri meir kom til å bli fin i bikini. Etter fire svangerskap, fire keisarsnitt og diverse turar opp og ned i vekt, kanskje mest opp, så var det ei kjensgjerning meir enn eit klagemål. For å vera brutalt ærleg, så hadde det lite med kirurgien å gjera og. Dei som har henta ut barna mine har vore stø på hendene og stått for eit utmerka stykke handarbeid.
Mi kloke venninne svarte med fylgjande setning: «Kor mange dagar i året er det eit problem? Og kor mange timar om gongen er det eventuelt eit problem?» Ho har så rett så rett. Eg meiner av prinsipp at kven som helst har rett til å sprada rundt i bikini når dei måtte ha lyst til det. Ein annan ting er å føla seg fin.
Begge desse utsegnene er viktige. Korfor fokusera på det som er vanskeleg i større grad enn det fortener? Eg trur mange av oss har alt for lett for å spegla seg i kvarandre og ein av farane med sosiale medier er at me samanliknar oss med det alle er flinkast i og fort trur at slik burde me og vera. Kunsten er å gle seg over at syskenbarnet mitt joggar milevis kvar dag, og i beste fall bli inspirert til ein dagleg trimtur tilpassa mitt eige nivå.
Av og til når eg stolt og fornøgd legg ut bilete av noko eg har laga, får eg kommentaren: «Du er jo flink til alt.» Alle veit at det er ei sanning med utruleg mange modifikasjonar, men det er slikt me seier til kvarandre av og til.
Det kunne fort bli ein trend å laga lister med 300 ting eg ikkje er flink i. Mi liste kunne begynna med husrydding og bilkjøring og avsluttast med jogging, solosong og stavsprang. Ville det vera bra å laga slike lister? Det kunne nok ha ein viss underhaldningsverdi, men korfor skulle me bruka tida på det. Dei aller fleste av oss er langt i frå så kjepphøge at me treng å minnast på kva me ikkje er flinke til. Me veit det godt, nesten utan å tenkja oss om.
Mitt poeng med denne teksten er å minna om at me er ulike, og at det er meininga at det skal vera slik. Me kjem i alle utgåver, former og fargar. Saman kan me få til det meste om me er villige til å samarbeida og dela med oss. Eg har ei venninne som alt i førskulealder kunne spela ein melodi ho høyrde i radioen på trekkspel. Dei fleste av oss kan ikkje det. Det betyr ikkje at me er verdilause eller lite flinke. Tvert i mot betyr det at ho kan spela på pianoet viss me andre får lyst til å synga og det hender det jo rett som det er at me får lyst til. Ver glad for den du er og for det du har fått.
Heidi
❤️