Sommar- sommar
I morgon tek Danmarksferien vår ein ende. Det er trist, for eg er ikkje glad i avslutningar. Dei tre vekene har rent som varm sand mellom fingrane, og det har vore så fint. I år var det akkurat det eg trengte å ha tre veker av dette gode, rolege livet i den finaste naturen som tenkjast kan. Eg har fått jobba mykje med diktsamlinga og kost meg med handarbeid i tillegg til mange fine turar i området. Det har til og med blitt eit bad i sjøen.
Forsommaren var som dei fleste lesarane veit, kald på våre kantar. Som eg pleier så hadde eg lagt sommarkleda mine ned i kjellaren. I år henta eg dei rett der i frå og ned i kofferten. Eg satsa på at dei passa sånn nokonlunde i år og, og det gjorde dei…
Det var travelt å reisa nesten rett frå klasserommet til danskebåten, med bare nokre timar mellom til å bli betre kjend med kjærasten til Halvard som hadde kome same føremiddagen. Det vart nærmast å kasta det eg trudde eg kom til å trenga i tre veker ned i kofferten vel vitande om at det mesta kan kjøpast i Danmark om det skulle visa seg å vera store manglar.
Eg må innrømma at livet med bare akkurat det ein treng er veldig godt. Eg er usikker på om Leif les dette og har tenkt å bruka det mot meg, men til sommarbruk så er det deilig å bare ha dei klesskapa ein treng i skapet, bare dei handarbeida ein har tenkt å driva på med i korga, og bare den maten ein har tenkt å eta nokså fort i kjøleskapet. Noko av det fine med sommaren er at livet er enkelt. Det gjer det sjølvsagt endå enklare at huset me bur i er koseleg og praktisk innretta med alt det me treng i skap og skuffer. Eg meinte å ha observert eit vaffeljern, men då eg såg nærare etter var det eit toastjern. Då fekk det bli pannekaker i staden.
Me har fått med oss at veret heime ikkje har vore det store, og synest at me er heldige som har hatt sånn nokonlunde fint skandinavisk sommarver her nede. Me har hatt mellom femten og tjueto grader, og det er heilt ok. Veret har veksla mellom sol og overskya, regn og vind, og det er heilt i orden det og. Eg skulle så veldig unna dokke som er heime litt danske sommarsol, me får håpa me får litt felles varme når me kjem tilbake.
Det har vore veldig fint å ha besøk her nede og. Me har fått gode dagar både i lag med familie og venner, kort sagt så har me hatt tre fine sommarveker. Leif hadde eit ganske stygt fall på måndagsmorgon der han skada den eine foten. Heldigvis går det mykje betre nå. Eit panisk øyeblikk var eg litt redd for at det blei meg som måtte køyra bilen heim frå Danmark, men heldigvis ikkje. Til og med eg innser at det ikkje ville vera den verste konsekvensen av å skada seg, men det hadde vore gale nok…
Det er så vidt eg vågar nemna det offentleg, men heldigvis så skal me ha ferie endå ei stund. Nå blir det nokre dagar heime, og så blir det Korsveifestival i Seljord. Framleis er det sommar lenge endå for oss alle saman. I mange år levde eg i den villfarelsen at alle årstider er like fine. Nå har eg forlengst oppdaga at eg er eit skikkeleg sommarmenneske. Nå skal me bare henga ut den siste klesvasken, så skal me ut og nyta den siste dagen her før me må pakka og ordna oss ut av huset. Foreløpig er skadelista på inventaret ein sprekk i eit drikkeglas og eit skår av ein tallerkenkant. Det skal me klara å gjera opp for oss for. Eg er alltid litt nervøs for å øydeleggja noko verkeleg kostbart når eg låner andre sitt hus.
Ha ein fin sommardag, alle saman.
Heidi