Gå til innhald

Kor skal eg begynna

juli 29, 2017

For kvar dag som går utan skriving, har eg stadig meir på hjartet, og veit mindre og mindre kva ende eg skal begynna i. Eg trur eg får gripa fatt i den næraste tråden og nøsta meg bakover. Då me kom heim frå Korsveifestival på sundag kveld, var både Halvard og Sunniva heimom på ferie. Halvard fekk me ikkje stort meir enn ein lang frokost med dagen etter før han reiste tilbake, men eg er kjempeglad for at me i det minste fekk ein klem og ein prat.

Sunniva skulle heldigvis vera heime til torsdag kveld, så me fekk nokre fine dagar der me veksla mellom å ha familien her og å gå turar og vera på middags- og kaffibesøk. Ho måtte og bruka tid på å prøva å aktivera spansken frå Boliviaperioden, for på måndag flyttar ho til Valencia for å studera spansk eit år.

Eg må innrømma at eg hadde gråten i halsen då eg køyrde henne til bussen på torsdag kveld, det føltest plutseleg som om ho skulle så langt vekk og for så lang tid. Som ein kollega skreiv ein plass her ein dag, det er harde tider for mammahjertet når ferien i lag med bortebuande barn er over. Det er jo fem år sidan ho reiste heimefrå, så eg burde vel ha vent meg til det. Eg håpar ho får eit fint år i Spania.

Etterpå måtte eg gå meg ein tur og plukka markblomar. Det er det alltid så god trøyst i. Og så må eg smila av meg sjølv som helst ville hatt alle ungane mine rundt meg heile tida sjølv om den yngste snart fyller tjuetre. Det er godt at dei tek til vengene og lever eigne liv prøver eg å vera fornuftig nok til å fortelja meg sjølv.

I går var eg og Gunn på ein fin, lang tur langs strendene. Etterpå åt me lunsj på Hå gamle prestegard. Me fortalde einannan at ein gild tur i lag med ei gild venninne ein ser litt for sjeldan er noko av det gildaste som finst.

I går kveld fekk eg overraskande besøk av Torun som plutseleg var heime hos foreldra sine. Då måtte me laga oss ein liten sommarfest for to med moreller og ekte jærske lefser.

IMG_1832

Eg har og fått nesten ein heil dag i sola på verandaen i lag med Torhild som var nyleg heimkomen frå Solgården. Eg er eit velsigna menneske på venninnefronten.

I dag har eg hatt ei langøkt med brodering av dåpskjole. Det er ein merkeleg form for kvile i det å sitja med eit så stort arbeid og ha god tid. Det kan nok bare anbefalast til relativt tålmodige sjeler som er glade i handarbeid. Eg har rekna ut at broderinga nok kjem til å ta minst hundre timar, og så kjem monteringa utanom. Den trur eg ikkje eg vågar meg på utan å få hjelp. Det kan jo diskuterast om det er det glade vanvitet å leggja så mykje arbeid ned i eit plagg med nokså begrensa bruksområde, men det kjennest veldig meiningsfylt å gjera det. All honnør til Halldis Hognestad som har komponert mønsteret. Det kjennest fint å brodera jærsk natur inn i eit plagg til etterslekta. I broderiet er det strender, båtar, lanterner, skjell med jærperler, raunbær, vind, stjerner og høg himmel. Lenger oppe på kjolen skal det broderast jonsokblomar og røsslyng. På Karendrakt, som eg har brodert til døtrene mine, er motiva i naturfargar. Her er alt brodert i kvitt og sølv.

I kveld har eg ein firbeint overnattingsgjest. Etter at det har høljeregna store deler av dagen, klarna det opp så me fekk gått oss ein tur rundt Tjødna. Nå har eg tenkt å nyta siste del av sommaren i kombinasjon med eit påtvingande ryddeprosjekt eg gjerne skulle sluppe unna, eit forsøk på å få det litt finare i hagen, og å få ferdigstild diktsamlinga. Eg håpar det er gjennomførbart å kombinera alt dette.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: