Korsveifestival
Eg er i det rommet i livet som heiter Korsveifestival. Livet er på sitt beste og dekninga på nettet heilt elendig, så me får ta det etterkvart . Dette er ein av dei finaste settingane eg veit om å vera i.
Etter tre dagar med fint sommarver, har me vakna til regn. I år har me leigd oss inn på folkehøgskulen, og det er tidleg morgon, så foreløpig er me varme og tørre. Ein fugl syng utanfor det opne vindauget. Eg har stått i dusjkø og fått ein varm dusj. Korsveifolk er ikkje alltid heilt som andre. Ein mann opna dusjdøra på gløtt og lurte på om han kunne få ein sprøyt sjampo av meg. Ei dame sa at ho hadde lurt på om å opplysa om at viss nokon hadde små barn som hadde frose i teltet i natt, så kunne dei få låna hennar folkehøgskulerom til å gå opp og varma seg på.
Eg skal prøva å ta vare på den varme inspirasjonen her i frå slik at eg kan dela når eg kjem heim til romslegare tid og betre fungerande nett…
Ha ein strålande dag.
Heidi
Kjekt å lesa! 😊 😊 😊