Gå til innhald

Eit godt rom å vera i – Korsveifestivalen

juli 30, 2017

 

Eg liker å sjå for meg livet som eit stort hus med ulike rom me går ut og inn av. Eit roma går eg inn i annankvart år, og når eg kjem inn dit så kjenner eg meg heime på ein heilt spesiell måte. Det romet heiter Korsveifestival.

Første gongen me var der var i 1995, og seinare har me fått med oss dei fleste festivalane og i tillegg eit sommarseminar. Eg veit ikkje om eg får fram stemninga på bileta, men sjå for deg Dyrskuplassen i Seljord med i overkant av 2000 bebuarar, dei fleste i telt ordna rundt små tun slik at alle har eit mindre samfunn å høyra heime i. Sjå for deg eit sirkustelt med alterparti midt på med kvit sand. Sjå for deg ein stille hage med blomar og benker og eit stort tre med gode samtalar under.

Det estetiske og musikalske har stor plass, men det aller viktigste for meg har vore den kristendomsforståinga som er i sentrum på desse ekumeniske festivalane. Slik eg opplever det så er det djupe andelege straumar og samtidig eit varmt samfunnsengasjement og eit sterkt syn for internasjonale spørsmål. Her har eg kjent at eg får impulsar til alle aspekta i eit menneskeliv. Det har vore ei trusforståing som eg har kunna stå hundre prosent inne for, og det har vore så fint å ha ein slik plass.

Me har ofte vore på festivalane i lag med gode venner, og slik var det i år og. Det er fint å få slike opplevingar saman. Det gler meg og å sjå at det stadig er mange småbarnsfamiliar som kjem dit, så bra at det ikkje er slik at me som var småbarnsforeldre for femten og tjue år sidan er akkurat dei same som framleis kjem dit.
Det var ein fantastisk plass å vera som familie med barn, og eg er glad for at nye barn får oppleva det same.

Noko som er rart og litt vemodig er alle desse menneska som me har møtt på dei fleste festivalane, og ikkje ser så ofte elles, er to år eldre kvar gong me møtest, og det same er me. Me er seks år eldre enn då me var i lag dei merkelege julidagane i 2011, då landet vart rysta på grunnvollane. Det merkest ikkje så godt, men når eg tenkjer på at det er atten år sidan me var der i lag med Torhild og Per Magne, så forstår eg med tanken at me nødvendigvis må ha vore ein god del yngre då på alle måtar. Det kjennest bare ikkje slik når eg tenkjer på det.

Eg har ein slags melankolsk hang til å sørga over at livet går så fort. Det botnar vel på ein måte i at eg er så glad i å leva og sørgjer over at det er forgjengeleg å leva, ein forbigåande tilstand. Eg klarere å innsjå at det er ein luksustilstand. Eg veit at det finst menneske som synest at livet er vanskeleg og at dagane og åra går for seint. Som det vart sagt av eit klokt menneske på festivalen i år: Den største gaven me har fått er livet. Me må søkja å leva det slik at me når livet er slutt er klare til å levera denne store gaven tilbake til Gud og seia takk, og takk for lånet. For meg er det eit mål å kunna leva på den måten. Eg kjenner at eg er grådig på livet og vil ha mest mogleg. Kunsten må vera å takka og ta i mot det me får.

Eg har meir å fortelja frå festivalen, men eg vil dela det opp i fleire tekstar. Denne skulle handla om å koma heim og om å seia takk.

Heidi

 

 

 

 

 

 

From → Uncategorized

One Comment
  1. Tusen takk! Eg gler meg til meir! Sidan eg både var der og ikkje var der, er eg meir enn vanleg forviten på alt du har å fortelja. 😊

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: