Det er ein tråd av sorg i alle ting
Kanskje dette blir på grensa til det masete, men for meg gav det meining å la dei som vil gløtta inn i ein og ein bolk i den nye boka. Det tredje romet har eg kalt «Det finst ein tråd av sorg i alle ting». Ein gong for fleire år sidan vakna eg med den setningen i munnen og visste at den måtte eg kunna bruka til noko. For meg er det ein riktig og viktig setning.
Eg kjenner at eg vil snakka ærleg om det som er vanskeleg. Samtidig vil eg gjerne halda opp eit håp og inspirera andre til å våga å bera håpet gjennom gatene. Her kjem eit lite utval tekstar frå denne bolken.
***
Gud hjelpe den som ber sorga
Gud hjelpe den som ber sorga
som ei hette av mørke
framfor ansikt og kropp
Gud hjelpe den som veit
seg hudlaus utan.
***
Den hausten
Det var den hausten Donald T
vart lovleg vald til president i USA,
den hausten Leonard Cohen
hengde frå seg hatten sin,
og forlot oss for godt.
Me sykla gjennom morgonmørket
med kroppane framleis fylde
av novembernatta,
novembernatta og alle draumane.
Me sykla gjennom gatene
med side svarte regnkåper og regnet
mjukt piskande mot panne, kinn og hender,
sykla oss varme og mjuke
under gatelykter fulle av spindelvev,
klare for ny styrke
og for demring av dag.
***
Om krig og fred og kvardagar
Om krig og fred
og kvardagar
er det mykje å seia,
og mykje meir å tenkja.
Alle historiene,
alle dei blinde vala våre,
dei modige og dei redde,
lagar linjer
til portretta i ansikta våre.
Medan verda tikkar vidare
med høglydte pistolskot
og hamrande hjarteslag
ser me på kvarandre
og seier på det ordlause språket
at nå er det på tide,
nå må me stoppa opp litt,
men når det kjem til orda,
kremtar me usikkert
og slit med å finna att stemmen
nå når me verkeleg kunne ha trengt han.
***
Det er ein tråd av sorg i alle ting
Det er ein tråd av sorg i alle ting,
mørk og glødande
glir han gjennom dagane dine,
tøyer han seg utan ord
frå akilleshælen,
gjennom magen og hjartet,
gjennom strupen og tårekanalane,
opp til eit ukjend rom
bak blikket ditt ein stad.
Gleda eig eit moldmørkt djup,
og fridomen har røter i jorda.
Det er ein tråd av sorg i alle ting
for den som er døypt med namnet menneske.
***
Syrgjesongen over gapet
Syrgjesongen over gapet
av slik det er
og slik det skulle ha vore
fløytemusikken for oss
som sit på stasjonen
og ventar oss gamle
medan me filosoferer og diskuterer
kva tog me skulle ha vore på.
***
Skuggen av ein som snur seg
I dei store korridorane
og i butikkane,
i husa våre
og i kyrkjene,
i speglane i prøveroma
og på bussane
sviv og surrar lyden
av lengten frå splitta liv,
av songen som seier
at du er her for å konsumera
og for å prestera eit liv.
Du anar bare skuggen
av ein som snur seg for å kviskra
at dette ikkje kan stemma.
***
Når eg ikkje lenger har stemme att
Når eg ikkje lenger har stemme att,
skal eg dyppa penselen
i det moldmørke,
det bjørkegrøne,
det juniblå og det liljekvite,
skal eg henta denne
blodappelsinrosa fargen
frå solnedgongane i vest
og mala skriket mitt
på det største lerretet eg kan finna.
***
Ikkje lite bare det
Det er bare oss,
me som går her i mørket
med håpet og trua og kjærleiken.
Det finst dagar
då mørket vil ta
stemmen og motet frå oss
når skodda festar seg
i halsen og i nasebora.
Det finst dagar me snublar
i småstein i mørket
og dagar me ikkje trur
at det går an å finna fram.
Ikkje lite bare det
at me framleis går her.
***
Som eld i hendene mine
Med mørket
som ein kappe over akslene
kjem eg til deg
og strekkjer hendene ut
etter håpet sine gode gåver.
Eg vil bera dei ut
bera dei som eld i hendene mine
og gå.
***
Plutseleg hadde eg klistra inn fleire tekstar enn eg eigentleg hadde tenkt, men det får vera slik. Eg tek gjerne i mot tilbakemeldingar på om noko treff deg.
Heidi