Gå til innhald

Kvinnene ber i ei sjokkrosa kyrkje

august 7, 2017

Den andre bolken i den nye boka mi har fått namnet «Kvinnene ber i ei sjokkrosa kyrkje». Her har eg samla dikt som ikkje har røter på Jæren, men som stakk hovudet fram medan eg «vandra i andre gater». Her byr eg på nokre av dei og. Fortel meg gjerne kva som eventuelt gjer inntrykk…

Eg gjekk i andre gater

Eg tok på meg andre sko.
Eg gjekk i andre gater.
Eg opna hjartet på vidt gap.
Eg kledde meg i deg.
Eg tok på meg andre briller
for å sjå med nytt blikk.
Eg såg at verda var den same.
Eg såg at eg tok liten plass.
Eg såg at du er større enn eg anar.

***
Draum

Ein skulle la livet segla
sin eigen sjø
ein onsdag innimellom
og heller sitja på kaffihus
i Wien og Lviv,
i København og i Haugesund
med Apfelstrudel og svart kaffi
og ei notisbok eller to.

 

 

 

 

 

 

***

Flyskrekk

Aldri så nær min eigen død
som på flyplassar
der ein ventar
på å bli ført som eit lam til slaktebenken
inn i eit flygande rom
kilometer frå fast grunn under føtene.
Taust la seg føra
inn i ein engsteleg skjelvande verden
utan filter
med pappkoppar
og håpet om trygg landing
blinkande i det uendeleg fjerne.

***

Ho

Ho ber ansiktet sitt
som eit sonoffer
taust gjennom gatene.
Nokon har skrive
for hardt på det
med alt for spiss blyant.
I sko som toler gange
og fargesterke fillete klede,
med ein lilla ryggsekk
full av alt som har gått gale
og toppa med draumar
som ingen lenger kan sjå.
Ho har på store øyreklokker
så musikken finst.
Eg ser at ho er vakker.

***

Eg skjuler ansiktet i kappen

Eg skjuler ansiktet i kappen.
Eg pakkar hjartet godt inn.
Så ser eg rett fram,
og går forbi
der du sit på benken
ved ein ukjend jernbanestasjon
og brøler i smerte og avmakt
med oppkast på skjorta
og spritflaska i den høgre handa.
Engsteleg for at du skal slå
eller kan hende til og med bita,
slår eg fylgje med dei andre
som går forbi.
Utilpass snur eg meg
og speidar etter samaritanaren.

***

Kvinnene ber i ei sjokkrosa kyrkje

Kvinnene ber
i ei sjokkrosa kyrkje
ein stad i Ukraina
dei har tildekka hovud,
Dei bøyer seg over ikona,
dei kysser glassplatene
som ligg over dei-
Dei tørkar kyssa forsiktig vekk
med broderte lommetørkle.
Så lukkar dei auga og græt.

 

 

 

 

 

***

Det vennlege lyset

Oldemødrene bøyer seg
med store sjal om håret
kor dei er vakre
i det vennlege lyset
av voks og flammar
med auga blenkande
i forklara ansikt som hos nonner.
Lyset som langsamt forvandlar dei
til unge madonnaer
med urørde trusbarn i armane.
Du heilage lys
kom til oss med din nåde.

Heidi

 

 

 

 

 

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: