Eg høyrer heime i livet
Sidan me er så godt i gang, så vinkar eg nølande på alle som har lyst til å fylgja og går til rom nummer fire. Dette romet heiter «Eg høyrer heime i livet.» Det er det store romet for alle oss som lever liva våre. Som gjer rare ting og fine ting, som dansar og fortviler, trur og tviler, leikar rare leikar, trur på eventyra og mest av alt klamrar oss med negler, tenner, optimisme og livsglede til dei store håpa og alt som er godt. Her kjem eit aldri så lite utval der i frå og.
***
Eg høyrer heime i livet
Eg høyrer heime i livet,
eg lener meg mot sterkare hender,
og kjenner dei ber meg
når eg ikkje sjølv orkar bera.
Trygg ligg eg der
med hendene rundt meg
som ein fjørlaus fugleunge i eit trygt reir.
Der ligg eg mellom stjerner og planetar,
mellom kvardagane og det heilage,
mellom fødsel og alderdom,
mellom barndomen og alt eg ikkje veit kva er.
Alt eg veit er kjærleiken,
at han er skapt for å bera meg
stille og utan store fakter,
heilt til eg ein morgon,
utan å skjøna kva som skjer,
strekkjer vengene ut
og kjenner eg kan fly att.
***
Eg stavar fuglar og kirsebærblomar
Eg vaknar om natta og skriv i mørket.
Eg stavar fuglar og kirsebærblomar.
Eg snublar i språket
og dett ut av rutinane.
Eg går som villfaren ut på gata
når morgonen kjem med lyset
og står der med opne hender.
***
Vev meg ei hette av mot
Vev meg ei hette av mot
til å dekkja min nakne nakke,
til å verna det solfarga håret
som kruser seg mot ryggen.
Vev meg ei hette av brustne draumar,
vev meg ein kappe av skjelvande håp.
Ta meg med til den staden
der svarttrasten syng
i timane før dagen gryr.
Ta meg med til sekunda
mellom draum og vaken dag,
og våg å møta blikket mitt.
***
Ein eselfole gjennom livet
Ein eselfole gjennom livet
gjennom Storgata,
gjennom vinden
ned mot strendene.
Ein eselfole
og ein mann med tornekrone,
bak han ein mørkhåra mann
med gulltenner og eit lite raudt trekkspel,
bak han ei svartkledd bleik kvinne
med ein gråtande fiolin,
så kjem alle klovnane
og til slutt alle me andre.
***
Denne sjenerte grunntonen
Varmen mellom menneske,
denne sjenerte grunntonen
av å vera glad i
smila deira
som avslørar
at dei er hjelpelaust
fanga i det gode,
at dei lever små blyge mysterium
dei ikkje torer å visa fram,
i alle fall ikkje
med ytterjakker og solbriller på.
***
Kanskje er det deg
Så går tida
som lange tog
gjennom det
foranderlege landskapet.
Det hender eg hopper av
og på i fart
og lurer på kor eg skal hen.
Kanskje er det deg eg møter
i ei av vognene.
Kanskje me gløymer å gå av
og blir gamle saman.
***
Det du skal ta med deg
Det er dette du skal ta med deg.
Barndomen og ein ryggsekk,
stemmar og strok av kvinnehender.
Vengeslag og kattepotar
og lukter av såpe og heimebakt brød
av det du høyrde
og ikkje høyrde
av blomar og svarte fluer
med grønaktig glans
og med mønster på vengene.
***
I dag er me her framleis
I dag er me her framleis.
Denne dagen kan det meste skje.
Framleis kan tida
koma til oss med det meste.
Med opphaldsver eller kuling
på Vestlandet sør for Stadt.
***
Velkomen til å seia kva som treff deg, dersom du har lyst, altså.
Heidi
Takk! Mykje vakkert her. «Eg høyrer heime i livet»!
Er det som treff meg akkurat no.
Mvh. Astrid
Sendt fra min iPhone
Den 7. aug. 2017 kl. 17.46 skrev sporisand <comment-reply@wordpress.com>:
heidiskriv posted: » Sidan me er så godt i gang, så vinkar eg nølande på alle som har lyst til å fylgja og går til rom nummer fire. Dette romet heiter «Eg høyrer heime i livet.» Det er det store romet for alle oss som lever liva våre. Som gjer rare ting og fine ting, som»