Eg sit her i regnet med ei diktsamling
Det er mi eiga diktsamling som eg akkurat nå er i ferd med å gjera heilt ferdig. Kanskje blir eg ferdig før kvelden kjem. Det er spennande. Eg har same følelsen som ein ofte får når ein skal levera ei stor oppgåve, eller går fram for å levera eksamensoppgåva. Burde eg gå endå ein runde med desse orda? Er det bra, eller er det skikkeleg dårleg? Akkurat nå er ikkje magekjensla så aller verst, men eg har bedd folk eg stolar på om å lesa og gje tilbakemeldingar. Ein kan lett bli blind på eige arbeid, samtidig som du til sjuande og sist må stola på deg sjølv og din eigen intuisjon. Eg liker at konsulentane mine framhever forskjellige dikt som dei tekstane dei liker best…
Banet har fått eit namn. Boka skal heita «Eg høyrer heime i livet» Eg har delt ho inn i ulike bolkar eller kapittel med ulike tema. Den første bolken heiter «Å stava eit sommaralfabet». Det er rett og slett ei samling dikt som handlar om sommar på Jæren. Kanskje den delen først og framst vil appellera til dei av oss som har pulsen sin i Jærnaturen og nordavind i blodet, men det er då ein del av oss… Denne boka skal på same måten som dei to siste diktsamlingane mine illustrerast med Leif sine fotografi. Eg gler meg veldig til den skrekkblanda fryden som alltid ligg i det å halda den ferdige boka i hendene sine og tenkja at «Nå er det gjort, nå kan ingenting forandrast…» Eg har allereie skrive nye tekstar som skal få liggja til i neste runde. Nå skal eg få desse i bok, og så kjem det nye omgangar med jobbing.
Eg tenkte at eg kunne by på nokre av dei jærske sommardikta medan det framleis er sommar der ute. Nå kjenner eg på valgets kval om kva for nokre eg skal velgja. Eg trur eg skal prøva å plukka ut dikt som er ganske forskjellige for å få fram litt av breidda:
Alltid noko
Svarttrastsongen,
løvetennene
nordavinden…
Alltid noko sterkt å lena seg mot.
***
Let it be
Alt som er for lett,
for dumt og for tåpeleg
til å halda fast med tanke og hender
skal du ikkje forakta.
Pakk kvardagane dine inn
i blondegardiner
med kremdott og jordbær
og mangefarga sukkerstrø.
Let it be.
La det koma.
La det vera.
Ein draum du nesten klarer å halda fast,
ein lyseblå sommarkjole til tørk i vinden,
eit par kvite sandalar
og ein konkylie frå ein gong det var juni.
***
Når sommaren kjem
Når sommaren kjem,
skal me knyta livet vårt saman,
verken meir eller mindre.
Me skal binda det til ein kjepp
me kan bera over aksla.
Så skal me ta skorne av
og gå barbeinte over grusen,
over storbyasfalten,
og over endelause sandstrender.
Me skal finna
nåde hos Gud og hos menneske,
smila til sure menn
og bada i sommarregn,
i fontener og i store bølgjer
me og liva våre.
***
Heime
Då du med kraft
og med lys i stemmen,
smilte og sa
at det var godt å sjå meg,
og at du var så glad
for at det var opphaldsver,
då eg høyrde orda dine
om den friske vinden,
forstod eg at eg var heime.
***
Når haustregnet vaskar sommaren av oss
Når haustregnet vaskar sommaren av oss,
og huda bleiknar bak freknene
I tida for gummistøvlane
og for dei store paraplyane,
kan me la oss overraska
over all varmen som er tilbake,
av hjarta våre
som alltid vel å tikka vidare,
vart og levande,
stille og sterkt,
og lar oss stå slik,
oppreiste i regnet
og høyra hanane gala
både for andre og tredje gongen.
***
Kanskje er det du
Kanskje er det du som kjem
langs dabbevegen
ein morgon eg endå ikkje har sett
med vind i håret
og sola i den eine augnekroken.
Kanskje du framleis
kler deg på same måten
og framleis tenkjer på noko anna.
Kanskje du hugsar
kor samtalane våre tok vegen,
slik at me kan snakka ferdig
etter at eg har kokt kaffi.
***
Språket i landskapet ditt
Språket i landskapet ditt
Sandkuler og steingardar
er runde eller harde konsonantar.
I vinden flyt vokalane
saman med måkeskrika.
Det ligg komma i vindskeive tre.
Eg veit ikkje alltid kor orda bur,
men sjå opp for rabarbra og mogne plommer.
Sjå opp for det sure og skarpe,
og det mjuke som sprengjer mot skalet.
Skriv alt saman ned når mørket kjem
i seinsommarkveldane
eller dei morgonane når kirsebærblomane
strør seg lattermildt over håret ditt.
Flytt inn og ut av rutinane,
men gløym ikkje å lesa setningane
i sanden og på kveldshimmelen.
Ver var for språket og landskapet ditt.
***
Skumringstimen
Velkomen,
seier kvelden
og viskar vekk dei skarpe linjene.
Velkomen til skumringstimen.
Her ser me stort på det.
***
Eg sa at det snart er for seint til å forandra, men framleis let det seg gjera. Om nokon gjer meg eit råd eller ei invending som gjer meg klokare, så kan eg velja å gå inn og endra litt. Om nokon tek seg bryet med å fortelja kva for ein av tekstane som appellerer mest til akkurat dei, så er eg frykteleg glad for det og.
Nå får eg koma meg vidare med arbeidet mitt. Eg drikk varm chili-te og høyrer på podcast med sommar i P2 mens eg jobbar. Katten spaserer på tastaturet og må haldast litt i sjakk.
Heidi