Gå til innhald

August att

august 3, 2017

Så er han her alt denne for meg veldig spesielle månaden som heiter august.
«August er det mykeste, myke jeg kjenner, denne skjelvende streng mellom sommer og høst, denne duft av avskjed i mine hender,» for å sitera ein av mine yndlingsforfattarar, Einar Skjæråsen. August er ein av mine favorittar mellom månadar og årstidar, med ein umiskjenneleg smak av mogning og vemod. Vemodet gjer det heile nesten endå vakrare, men samtidig litt sårt og mjukt. «Jeg vet midt i alt det jeg ikke vet, august er det mykeste myke jeg kjenner, myk som sorg og som kjærlighet.»

Eg plukkar rips saman med mor og far, går på kafe med syster og tek systerselfie under ein stor lilla paraply me måtte kjøpa fordi det plutseleg høljeregna.

Eg går tur rundt Tjødnå i kveldssol etter ein regnvåt dag. Eg nyt ein av mine store og barnslege gleder og plukker ville blomar. Eg møter ein kollega av Ingrid som spør om ho får lov til å ta ein bilete av ei blomsterplukkande mormor for å senda det til Ingrid. Eg seier ja og får biletet tilsend seinare på kvelden.

IMG_1899

Er det slik eg ser ut når eg ikkje ser meg sjølv? tenkjer eg… Ja, ja, det såg nå ut til å vera ei blid og energisk dame i alle fall. Eksteriørmessige utviklingspotensiale får me leva med…

Og i min barnslege optimisme sluttar eg aldri å tru at fine blomar ein vakker dag vil trivast i beda mine og at eg nok vil vakna ein morgon og sjå at fingrane mine er blitt grøne. Sanninga er nok at beda burde spas skikkeleg opp, fyllast med mykje betre jord enn den me har og så plantast på ny før blomane får kjærleg stell sånn omtrent nesten dagleg…

40D343BC-B6F0-4BB9-B762-A5094CA7FE37

Men visst er eg typen som trur på under og gong på gong lokker med meg nokon, for eksempel den hjelpsame eldstesonen min og fyller opp trillebårer med planter. Ein del av dei er stauder som heilt sikkert kjem opp att neste år og, for eit eller anna år må vel det skje hos meg og…

Etter eit ettermiddagsbesøk av syster og nokre timars brodering på dåpskjolen som eg snart er halvvegs med, går eg ut i rengjakken med spade og rake og plantar blomane…

Dei er nok fine ei vekes tid i alle fall…

Og når sommaren har vart lenge og kvilepulsen er på plass, kan eg forstå at mange pensjonistar seier at dei ikkje kan forstå at nokon har tid til å gå på jobb… Og sommaren varer i minst ein månad til. August er ofte ein varmare månad enn både juni og juli i vårt hjørne av verda… Og frodigare og mognare natur skal ein leita lenge etter. Ha ein velsigna august alle saman.

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: