Gå til innhald

Pust på oss, Gud

august 7, 2017

image

Nå er me i det siste kapittelet i den nye boka. For meg er det eit viktig kapittel. Tittelen «Pust på oss, Gud», spelar på skapinga i Bibelen der Gud skapar mennesket av jord, legg seg ned og pustar sin eigen pust inn i nasebora til jordmennesket slik at mennesket blir eit levande vesen. Det er eit fint bilete, synest eg, mold frå jorda og pust frå Gud. Me treng begge deler, spesielt i utfordrande tider.

Her kjem nokre av dikta du kan finna i denne bolken.
***

Eg kler meg i ei kyrkje av håp

Eg kler meg
i ei kyrkje av håp
og veit eg skal elska.

Eg kler meg
i ei kyrkje av håp
og går med modige steg
ut til den farlege kjærleiken.

Å praktisera håpet,
Det skulle falla meg
uendeleg lett.

Bare håpet
har feste i vind.
Bare håpet er realistisk.
Der bur me, saman med Gud.

***

Bortanfor all folkeskikk

Ein lengt og ein trong
bortanfor all folkeskikk,
om å reisa seg frå kyrkjebenken
og leggja seg flatt på golvet
i midtgangen eller i koret
med pute og teppe
midt under ein gudsteneste.
Liggja der og sjå i taket
eller med lett lukka auge
og la seg bera av salmesong og orgeltonar
av kyrie og lovsong
bare la røystene til dei som trur,
få stryka meg mjukt
som var eg eit lite barn,
Liggja der og ta i mot
med halvopne auge,
trekkja teppet tettare rundt kroppen,
kjenna varmen av ullsokkar mot kalde tær,
Bare la velsigninginga synka
forsiktig over meg,
og inn i meg.
Bare ta i mot
før eg reiser meg og går ut.

***

Kom og finn oss

Kom visdom
og bygg huset ditt hos oss,
me har lengta.

For våre anspende kjevar
og stive nakkar si skuld.
kom og finn oss nå.

***

Kyrie

Ein kan sjå feil
sjølv med kjærlege auge
og laga sår med varme hender.
Sjølv velmeinande føter
kan trø på feil vegar
og ikkje vita om det.

Kyrie
Kyrie eleison.

Me veit ikkje betre.
Ikkje alltid.

***
Når du gløymer å hugsa kven du er

Når du gløymer
å hugsa kven du er,
skal du lista deg til Gud,
du kan godt gjera det i mørket.
Han hugsar.
Forsiktig bøyer han seg ned,
så kviskrar han namnet ditt
forsiktig inn i det eine øyret.

***

La hjarta våre bli tøyelege

La hjarta våre bli tøyelege,
lette å strekkja og forma
til det me framleis ikkje veit
Det er slik me verkeleg treng dei.

La ikkje frykta vår
ropa høgare
enn det ho og me fortener.

***

Sekundet

Å halda eit sekund
i hendene mine,
tynnhuda og lite
mellom fortid og framtid,
stryka det varsamt,
med blikk
og med nakne fingertuppar,
velsigna det
og la det fly vidare.

***

Pust på oss Gud

Her står me, lett skjelvande
i jord og vatn
og pustar menneskepust.

Pust på oss Gud.

***

Og med dette takkar eg for meg i dag. Kom gjerne med tankar om dikta dersom du har lyst.

Heidi

From → Uncategorized

One Comment
  1. Magnhild permalink

    Så fantastiske tekster, de berører meg langt inn i hjertet. Jeg likte spesielt Kyrie. Dette er litt annerledes tekster en de vanlige liturgiske teksteene som finnes i diverse annen kristelig litteratur for gir de mer mening.

    Lykke til med utgivelsen dette blir bra.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: