Nåden kom til Jæren
Det har vore travle veker. Det er mange tannhjul som skal opp og sviva i eit stort maskineri når eit nytt skuleår er her. Nå trur eg me kan seia at me er godt i siget, og at det er litt fleire ting som går av seg sjølv.
I dag har eg seld lodd ute på Hå gamle prestegard, det var mange glade folk å sjå, det å plutseleg få ein varm og fin seinsommardag etter alt gråveret i sommar er nesten meir enn me hadde tru på i forkant av helga. I kveld er det kveldsgudsteneste i Brynekyrkja der Kjetil Aano skal ha foredrag med tittelen «Kom nåden til Jæren?» Det er nok fleire som får bilete inne i seg av Enok Hove og hans likesinna som subbar seg tungt fram over marker og langs steingardar med domstankar i hovuda og tyngjande alvor i alle lommene. Eg håpar svaret på spørsmålet er «Ja!» Nå får me høyra kva han har å seia, det er nok ein port inn til noko lysare i manuset hans, vil eg tru…
Sidan eg har ansvaret for bønnevandringa på slike gudstenester, det vil i praksis seia for ulike stasjonar der ein kan tenna lys, skriva bønnelappar og utføra symbolhandlingar, kom eg på at eg diskret ville leggja ut ein kommentar til foredragstittelen i form av eit dikt. Ideen fekk eg i går, men det måtte skrivast i dag ute på Hå gamle prestegard. Det å vakna til ein slik morgon gjorde skrivinga ganske lett…
Nåden kom til Jæren
Ein sundag sist i august
kom nåden til Jæren.
Fuglane hadde han i nebbet
og kvitra han høgt for oss
lenge før kyrkjeklokkene rakk å ringa.
Vinden låg lågt i terrenget,
og solstrålene kom
med gløymt sommarvarme,
tenk så velsigna
at det ikkje var for seint,
tenk at framleis finst det sommar,
og markene tørka såpass
at det var råd å trø der,
barføtt om du ville,
på nesten heilag grunn
mellom beitande sauer
og halvvaksne lam.
Ikkje rart at menneska
plutseleg såg på kvarandre
med nytint varme i blikka
og nye tilgjevande auge.
Gud smilte til oss
mellom dei snøkvite skyene.
Han rørde panna mi,
ryggen og akslene mine,
med lette varme fingertuppar.
Eg kjende eg var funnen,
lag av uro tinte i berøringa.
Med lettare pust stod eg att,
med hendene fulle av nåde.
Han sa at eg skulle dela med meg,
for det finaste skal ein aldri
halda for seg sjølv.
Det er fleire her som tørstar.
Heidi