3. september
Det har vore ei sommarleg helg i starten på september, og håpet om mange fine dagar er til stades. I dag har eg vore mor i trettiein år. Det er eit merkeleg høgt tal, for det følest ikkje som om det var lenge sidan eg fekk halda den førstefødde i armane mine. Men eg ser jo at han er blitt vaksen både han og syskena hans. I dag var eg så heldig at eg fekk vera i lag med tre av dei. Sunniva har vore heime ein snartur, nå har ho reist, og huset er tomt utan henne. Etter at alle hadde reist gjekk eg og Leif ein tur i Njåskogen. Det var så fint lys der, og fargane var så klare etter den plutselege regnbyga som kom over oss. Dette er ei vakker og vemodig årstid.
Det er alt tre veker sidan skulen starta, og dei fleste tannhjul er godt i gjenge etter sommaren. Eg hadde nesten gløymt kor kjekt og altoppslukande det er å vera lærar. Eg kjenner meg priviligert som har ein jobb som gir så mykje glede og så mange konstruktive utfordringar. Å få jobba med ungar er noko av det mest meinigsfylde eg kan tenkja meg.
Med eit strøk av delvis behageleg haustmelankoli sit eg og jobbar om ettermiddagane med musikk som passar årstida. Høstvise av Tove Jansson: «Vägen hem var mörk och lång och ingen har jag mött, nu blir kväldarna köliga och sena. Komm trösta mig nu lite, för nu är jag ganska trött och med ett så förfärdlig allena… Så skunda dig älskade skunda att älska, dagarna mörknar minut för minut…» Og «Autumn leaves» med Eva Cassidy og med Edith Piaff, «Les feulles mortes» på fransk. Og så får eg nesten litt lyst til å gråta fordi livet går så fort og er så dyrebart og skjørt.
I går var eg så heldig at eg fekk vera med på babyshoweren som Ingrid sine venninner arrangerte for henne og for veslejenta som skal koma. Eg visste ikkje at mødrer fekk lov til å vera med på slikt. Alle hadde med seg litt mat kvar, Eg hadde spesielt sansen for det fine piggsvinet med frukt og bær som ein av gjestene hadde med seg. Det vlir nokre spennande veker fram til forventa fødsel i oktober, det er så utruleg fint at me skal få eit barnebarn.
Og tida for å finna ut kva parti eg skal stemma på er og inne. Eg prøver å få med meg litt av debatten og har vore innom diverse valgomatar som alle viser det eg i grunnen visste frå før, at eg er meir radikal enn dei fleste i veldig menge saker… Eg er framleis ikkje sikker på kva seddel eg skal leggja i urna, men eg ønsker meg ein politikk der det å ta vare på jorda vår har veldig høg prioritet, eg vil gjerne ha ein vennleg og fungerande klode å tilby komande generasjonar. Eg vil og ha ein verden der me deler på godene i mykje større grad enn nå, og då tenkjer eg like mykje globalt som nasjonalt. Me har heilt ufortent trukke vinnarloddet og latt oss bli fødde i Norge. Det er store utfordringar knytta til både landet vårt og til resten av verda når det gjeld framtida. Eg trur me må tenkja annleis om ganske mykje i åra som kjem.
Men eg har framleis tru på framtida og tru på menneska. Eg kjenner uro for både det eine og andre og høyrer med måpande vanntru på siste nytt frå Nord- Korea og håpar og på at han i eit visst kvitt hus har gode rådgjevarar som kan få han til å tenkja rolege velovervogne tankar… Eg veit jo at det dei fleste menneske djupast sett drøymer om er å få leva eit fredeleg liv med familien sin. Sjå barn veksa opp og markene bera mat, ha nokon å le saman med og nokon å stå saman med når livet utfordrar. Eg veit at dei fleste menneske gjerne vil trøysta når nokon har det vanskeleg, vil stilla opp når nokon treng hjelp og vil gjera det dei kan for at folk rundt dei skal ha det bra. Den tiltrua har eg faktisk.
Eg tenkjer på kloke ord frå Magnus Malm i sommar. Me må ta i mot det gode slik at me kan halda oss sjølve og hjartene våre varme. Heldige er dei av oss som trur på noko og nokon som gjer oss trygge. Menneske som er trygge og har fred inne i seg kan tenkja korstruktivt. Dersom me blir redde nok tek panikken oss og me tenkjer ikkje klart lenger.
Korleis skal me best få det til at alle menneske av god vilje og ønsket om eit fredeleg liv kan støtta kvarandre og fremma tilliten i verda? Sjå det er det store spørsmålet…
Heidi