Av og til skjer det rare ting
Eg har nok litt Askeladdinnstilling til livet, for eg synest i grunnen at det skjer rare ting ganske ofte. I går var me hos Linda på Tryll-design for å ferdigstilla layouten på boka. Me mangla eit kapittelbilete på det kapittelet som heiter Matruska. Matruska er ei sånn russisk dokke med lag på lag av dokker utanpå kvarandre. Eg vender stadig vekk tilbake til dette motivet, for for meg gjer tanken på at generasjonane ber kvarandre med seg på vegen, stor meining. Eg veit at eg er prega både av mor og mormor og av deira livserfaringar, og mine døtre og barnebarn vil bera med seg det eg har bore vidare til dei. Eg trur det går i alle fall fire generasjonar før den sosiale arven etter ein person opphøyrer heilt å virka. I kor stor grad den genetiske arven sit i i minst fire generasjonar, har eg ikkje kompetanse til å uttala meg om, men eg vil tru at mykje festar seg der og.
På møtet i går, fann me ut at me rett og slett skulle ha fått tak i eit matruskabilete til boka, og då snakkar me ikkje om å stela eit på internett… Trøstig drog me ut for å sjå kva me kunne finna, men matruskadokker ser ikkje ut til å vera det store for tida. Først tråla me Kvadrat, og så fortsatte me i Sandnes sentrum, det var lite, fot ikkje å seia ingenting, å oppdriva. Til slutt gjekk me inn på ein ny bokhandel i Langgata der dei såg ut til å selgja litt av kvart. Ho som åtte butikken sa at ho hadde ei matruskadokke heime, men den var ikkje til salgs. Me måtte innrømma at me ikkje hadde tenkt å kjøpa, bare spørja om lov til å fotografera… Ho sa at ho ville sjå om ho fann dokka heime, og så kunne ho ta ho med seg på jobb for at me kunne fotografera. Då ho spurde kva slags bok me skulle laga, og kven me var, viste det seg at ho kjende til dikta mine, og lurte på om ho kunne få selgja bøkene mine i butikken, og om eg kunne tenkja meg å koma dit på ein open kveld ein gong for å lesa opp.
Ei dame, som var kunde i butikken, sa at ho ikkje hadde kunna unngå å høyra kva me sa, og at ho hadde mange matruskadokker heime fordi ho hadde familie i Russland. Me kunne gjerne koma heim til henne nå i ettermiddag, så kunne me fotografera alt me ville. Me takka ja, og då me kom hadde ho funne alt som kanskje kunne vera av interesse for oss, og baud oss på kaffi og eplemost. Mannen hennar strauk eit russisk matruskaforkle i tilfelle me hadde lyst til å fotografera det og, og han hjalp oss å googla russiske ord på nettet. Biletet over er eit av dei me kom heim med på fotoapparatet. Så mange gilde folk det er i verda.
Heidi