Skriva på bokmål?
Eg vakna til det overraskande synet av sol over landskapet. Etter dei store mengdane med regn som har dette ned den siste veka, så kjendest det ikkje som ein solskinsdag var innan rekkjevidde. Eg har hatt ein kort tur ut i sola med ein firbeint gjest som skal vera her til etter barnebarnsfødselen. I går var det 23 år sidan Halvard vart fødd, og nå er det bare ei veke igjen til forventa kome av barnebarn, så i praksis kan det skje kor tid som helst. Me får bare pusta roleg med magen og vera tålmodige. Eg bur delvis i ei boble av barnebarnrealterte aktiviteter som hekling av Mummiuro, brodering av dåpskjole og strikking av barneplagg, så timane skal det ikkje bli vanskeleg å fylla. Eg har og ein del skriveprosjekt som eg gjerne vil koma eit steg vidare med i løpet av haustferien som står for døra akkurat nå.
Og akkurat skriving var det som gjorde at eg sette meg ned for å skriva blogg akkurat nå. Eg såg eit bilete i språkspalta der ein bokhandel hadde sett opp ein lapp om at dei anbefalte Elena Ferrante sine bøker sjølv om dei var omsette til nynorsk og ikkje bokmål… Dette førte naturleg nok til eit ordskifte i Språkspalta på facebook som eg ende med å hoppa inn i. Det som fekk meg til å reagera var ikkje lappen på butikken, men at fleire av dei som skriv i Språkspalta, og må antast å vera over gjennomsnittet interesserte i språk, skriv at dei unngår å lesa noko som er skrive på nynorsk. Nokre av dei skriv at dei har lese Ferrante sine bøker i engelsk omsetjing for å sleppa nynorsken, og andre skriv at ei bok på nynorsk vekkjer så negative minne i dei at dei aldri ville lesa ho uavhengig av kva ho måtte handla om…
Eg må seia som sant er at eg rett og slett vart «litt øvejidde»… Er det slik at ein gjennom å skriva nynorsk diskvalifiserer seg frå ein stor lesarskare. Burde eg heller ha skrive bokmål? Eg kjenner at å skriva dikt, viser og salmar på bokmål ville vera heilt uaktuelt. Då fekk det bli dialekt i staden. Sjølv om eg hadde bokmål som hovudmål heile skuletida så har eg etter å ha jobba i nynorskkommune i 31 år og vore nynorskbrukar endå lenger, så følest det unsaturleg og knotete for meg å skriva bokmål. Det kjennest omtrent som om eg skulle halda foredrag ein plass og fekk beskjed om at eg enten måtte snakka normert bokmål eller i det minste «pent Stavangermål». Nå hender det jo at eg skriv andre ting enn lyrikk, så eg har sjølv opplevd dilemmaet på kroppen. Eg skriv på ei lærebok i skapande skriving, som kanskje blir ferdig ein gong… Grunnen til at det går seint er ikkje mangelen på idear, bare det at alt anna er kjekkare å skriva fordi eg aller helst bare vil jobba kreativt… Manuset er til nå skrive på nynorsk, men Leif meiner at om eg lagar ein bokmålsvariant så vil den potensielle kjøpargruppa bli mykje større. Som eg har fortald så har eg og Ingrid kost oss med å laga ei barnebok saman. Planen er å laga ein variant på nynorsk og ein variant på bokmål fordi det truleg er fleire som kjøper barnebøker på bokmål? Eg får ta dette siste som ei trening i å gjenfinna bokmålsstemmen min. Før eg gjekk over til nynorsk, skreiv eg ganske radikalt bokmål med a-endigar. Ein gong vart eg beden om å skriva ein barnetekst på bokmål. Då skreiv eg «Han dansa i det grønne graset utenfor hola». Då fekk eg beskjed om at eg blanda nynorsk og bokmål, på bokmål burde det vera «Han danset i det grønne gresset utenfor hulen». Eg får ta meg tid og leita etter bokmålsstemmen min og sjå om han fungerer… Det er faktisk akkurat det eg har tenkt å gjera nå. _
Ha ein fin haustdag i det fine veret, og la oss gleda oss over at Nobels fredspris akkurat har gått til ICAN, den internasjonale kampanjen for forbud mot atomvåpen. I slike perspektiv blir ein norsk språkstrid krusningar på overflata i andedammen.
Heidi
Hei Heidi, eg og hadde bokmål som hovudmål i heile mi skuletid. Kva språk eg burde skriva gjekk fyrst opp for meg då me analyserte dialektane vår på lærarskulen. Eg gjekk fullt og heilt over til nynorsk då eg begynte som lærar i ein nynorsk kommune. Det var lett. Nynorsken låg jo der allereie. (Ser du, som du – igjen! :-)) Nå har eg nettbutikk på nynorsk, og eg veit at det ikkje er noko salstriks. Ikkje eingong nynorskingane søkjer på nynorsk. Men det kunne ikkje ramla meg inn å gå over til bokmål for å selja meir. Eg sel alt mogleg, men ikkje sjela mi… Så mi oppmoding til deg treng eg vel ikkje formulera. 🙂 Der er nok av dei som bøyer unna, men nokre av oss gjer det ikkje. Vil me ha dette språket vårt, må me bruka det. Og viss der er to utgåver, så veit me kva fleirtalet vil ha. Då blir det så lite sal av nn-utgåva, at det er ikkje nokon vits å trykka den. Om Elena Ferrante hadde kome i to utgåver, ville der vore flest kjøparar til bm-utg. Slik er språkstoda i landet vårt. Det hadde enda med ei utgåve. Så, kjære Heidi, ikkje la deg bikka over av kommentarfelt. Heidi på bokmål kan eg ikkje tenkja meg – djupna di, innlevinga, det ekte, det sanne – det vil eg ha på orginalspråket!