Gå til innhald

Siste dag i haustferien

oktober 13, 2017

Det er siste dagen i haustferien, men me skal ha helg før kvardagane er heilt tilbake. I går kom det mange kassar med diktbøker. Det er alltid litt skummelt å opna ei ny bok i tilfelle trykkfeilane og andre store og små tabbar skulle lysa i mot meg på tross av grundig korrekturlesing… Eg har ikkje våga meg på finlesing, men så langt så ser det veldig bra ut. Det er og trygt og godt å vita at dei er på plass i kjellaren i god tid før lanseringa 2.november.

Me har hatt ein firbeint gjest hos oss i ferien, stort sett liker han å gå tur, sjølv om mopsar ikkje er dei store atletane i hundeverda. Dei siste dagane har det regna masse når det er tid for tur, så då har eg omtrent måtta hala han med meg på fire stive bein heilt til han innser at han ikkje slepp unna, og legg om strategien med å nesten småspringa for å få runden unnagjort.

Det har vore spennande å fylgja med på svaneungane i Tjødnå. Dei begynner å bli ganske store nå, og har blitt utruleg godt passa på av både mor og far som begge freser og bruser med fjørene når nokon blir for nærgåande. Det er eit aldri så lite svakt punkt i HC Andersen sitt eventyr om «Den stygge andungen», for svanebarn er vakre i mine auge.

På trass av regnet som har silt ned, så har handverkarane nesten gjort seg ferdige med utestova på terrassen vår i dag. Det blir spennande å få tatt henne i bruk. Planen var at ho skulle vera klar til sommaren, men bedre seint enn aldri.

Det har vore ein god fredag den 13. som nå har blitt til laurdag den 14. Ute er det definitivt haust. I morgon skal eg på bytur med gilde damer.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: