Gå til innhald

Den första gong jag såg dig

oktober 14, 2017

 

Ha ei velsigna reise

 

Ha ei velsigna reise

frå alt du til nå har kjend,

ut til oss som lengtar.

Måtte mor di ha krefter nok,

og måtte turen bli trygg.

Måtte du vera pakka inn

i lag på lag

med vernande kjærleik.

Måtte Gud velsigna utgangen din

frå det varme havet

og det trygge mørket.

Måtte han velsigne inngangen din

til det skarpe lyset

her ute hos oss.

Gud velsigne alt som skal bli,

vegane du skal gå på,

og alt du skal bera med deg.

Velkomen til oss,

du vesle elska menneske.

 

***

 

Eg stod ved kjøkkenbenken i går og tok i mot ei melding om at nå var eg blitt mormor. Framleis var det litt hemmeleg, så eg kunne ikkje ropa det ut til alle eg hadde lyst til å fortelja til. Eg skulle skriva årsmelding for kunstklubben, hadde eg tenkt, men eg kjende at den slags arbeid kunne eg bare gløyma. Eg sette meg ned for å brodera sølvstjerner på dåpskjolen i staden. Det kunne passa, syntest eg, med klassisk musikk på radioen var det den heilt rette tingen å gjera. Eg har tillate meg å brodera sølvstjernene større enn dei skal vera. Unnskyld, Halldis Hognestad, som har designa så fint. Eg er elendig på å fylgja mønster, og i dette tilfellet er det min einaste personlege tilpasning.

 

 

Så skreiv eg fødselsdiktet eg hadde hatt i tankane, men ikkje skrive ned. Det du kan lesa øverst på sida.

Då eg gjekk tur med Oscar om kvelden såg eg kjærleik over alt.

 

 

Eg var glad, men full av stressadrenalin, og kjende at eg fann nok ikkje roa heilt før eg fekk sett den vesle nyfødde og halde ho i armane mine.

 

I dag var dagen komen. Eg tenkte på det når eg var på badet at eg ville kle meg i glade fargar til ære for henne, og tenkte då eg brukte såpe med god lukt at denne lukta skulle ho kjenna når eg haldt henne. Eg nynna for meg sjølv «Den första gong jag såg dig…»

 

På vegen var me innom ein blomsterbutikk for å ha med blomar. Eg liker best å setja i saman bukettane sjølv, og det gjorde eg i dag, det vil seia eg plukka blomane ut og så fekk ho i butikken hjelpa meg å laga buketten. Rosa roser, lilla nellik, grøn eukalyptus og ein rosa bamse. Det vart fint.

 

På veg innover i bilen spelte dei Hallelujakoret frå Händels Messias. Det passa bra. Eg nynna framleis på songen frå i dag morges inni meg, og måtte forandra litt på teksten:

«Den första gong jag såg dig var en oktoberdag, og regnet det datt ned som aldrig för». Me var innom ikea på vegen, og eg plukka med meg tre små griser i ein pose. Helst ville eg kjøpt dokkehus og koppestell, men eg innsåg at det var å gå for langt…

 

 

Då eg fekk det vesle perfekte vesenet i armane mine fall verda på plass. Helst ville eg bore henne med meg i all framtid, men eg veit at ho får det godt der ho skal vera, og at eg nok skal få sett ho rett som det er. Eg la den eine fingeren min i den knøttlille handa hennar og song inni meg: «Den första gong jag såg dig var en oktoberdag, den första gong jag tok dig uti handen…»

 

Eg er nyforelska.

 

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: