Gå til innhald

Vinkar frå mormorbobla

oktober 22, 2017

I dag måtte eg på leit etter eit dikt som eg har gått og tenkt på dei siste dagane utan å hugsa heilt ordrett. Det er laga av ein av yndlingslyrikarane mine, Einar Skjæråsen.

Voggesang

Det er kvile over tunet, det er signing i min sang,
det er aften i vårt hus og vide om.
Bysse lille, bysse lalle, bysse barnet på mitt fang,
bysse folk og fe og bysse blad og blom.
Vannet gynger sine liljer, løvet stilner i sin lund,
men i rommet er en stjerne blek og sår.
Det er sorg vi ikke ser, det er netter uten blund,
det er hender som vi aldri, aldri når.

Du har mange, mange søsken på den vide, vide jord,
la oss drømme om at hver en liten venn
har en lekeplass i verden, og at alle har en mor
de kan være hos når dagen rødmer hen.
La oss synge om en stue hvor det arme liv kan bo,
om et hjerte for de minste veke små.
Det er dager uten hvile, det er netter uten ro,
bysse barnet mitt, og alle alle små.

Einar Skjæråsen

Eg elskar den mollstemte varmen i diktet og ømheten Einar Skjæråsen viser for alt som er lite og vernlaust.

Dei siste ti dagane har eg vore i ei boble av glede og lukke og nyfødd barn. Eg er så heldig at eg har fått vore mykje saman med det vesle livet og akkurat som eg visste så passar det vesle hovudet perfekt i halsgropa mi, og det vesle mennesket perfekt i armane mine. Eg har fått eit gjensyn av landet som flyt av mjølk og tåre og barnegulp der ingenting anna verkeleg har betydning, og eg har fått kjenna på dei same følelsane som då, at eg nesten ikkje orkar å høyra om det vonde i verda, om barn som svelt, om menneske som er på flukt med barna sine og om vonde ting som kan skje om det meste går gale

Ingenting kan måla seg med nyfødde barn som stirrar med overjordisk kloke mørke auge ut på livet og ser ut som om dei hugsar noko me andre for lengst har gløymt. Eg har alltid vore grenselaust fascinert av nyføddfasen, eit sprell levande lite menneske som på ein måte ikkje heilt har blitt prega av livet her hos oss. Så kjem neste fase med spontane smil og glitrande naive babyblikk på verda. Det er fint det og.

Eg har blitt minna om kor intenst eit spebarn kan skrika og kor vanskeleg det kan vera å trøysta dei. Men mest av alt har eg site med eit fornøgd lite vesen som utstråler ei nesten uforståeleg ro. For å bruka matruskametaforen igjen: Barnet mitt har fått barn, og dei er begge ein del av meg og kroppen min utan å vera det. Dei er sine eigne. Eg hugsar så godt eg bare klarer at eg er mormor og ikkje mor, og eg takkar min skapar for at ingen barn kunne få betre omsorgspersonar enn det barnet alt har fått.

Og snart, kanskje alt i veka som kjem, skal eg begynna å oppføra meg nokolunde normalt og retta blikket utover. Eg skal slutta å dra fram mobilen i tide og utide for å visa barnebarnsbilete, og eg skal snakka om andre ting enn nyfødd barn. Eg skal begynna å høyra på nyhetssendingar att, og eg skal slutta å møblera dagane mine ut frå moglegheitene til å få vera i lag med eit visst barn.

Det går sikkert bra det og… Og det neste innelgget mitt skal handla om noko heilt anna enn nyfødde barn, det lover eg.

Heidi

 

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: