Luke 8 – Desemberdag i aust
Nesten som klimaflyktning, har eg fått ein desemberdag utan storm og nesten heilt utan regn. Det kjennest ikkje feil. Eg har vore på kaffibesøk hos Baker Hansen med alle Bærumssvigerinnene mine og har gått tur på lett isete vegar.
Her inne går det i strikking og hekling og roleg liv. Eg filosoferer over at eg har gjort uvanleg lite juleførebuingar fram til nå, men det stressar meg ikkje nevneverdig. Siste veka i november las eg på Facebook at nokon skreiv «Endeleg fått pynta huset til jul!» For nokre år sidan ville det nesten ha provosert meg litt, for eg syntest det var litt trist at folk var leie av jul før jula kom. Nå har eg i grunnen skifta meining. Eg unnar alle som vil ha jul første desember å pynta juletreet då om dei vil det. Sjølv held eg på at det held å vera klar om kvelden den tjuetredje, så det er masse tid igjen endå…
Eg torer nesten ikkje seia det høgt, men eg likar mørket. Det er koseleg å tenna lys inne i huset og bare la seg pakka inne. Kanskje det er bieffekt av å vera B- menneske at alt går litt for fort for mitt innebygde tempo? Kveldane kjennest for korte, morgonane kjem alt for tidleg, jula kjem for fort og sommaren er plutseleg slutt nesten før han er komen. Eg las at nokre forskarar hevda at B- menneske var litt «feilprogrammerte» og laga for døgn på tretti timar. Kanskje me er laga for år på seksti veker og? … Men elles har eg det bra…
Som eg nemnde i går så held eg på å lesa den nye biografien om Erik Bye. Det er ei tjukk og interessant bok. Eg hugsar jo lørdagskveldar og julaftenar med Erik Bye frå barneperspektiv, det er spennande å lesa om mennesket bak. Han framstår som ein rastlaus og utolmodig eventyrar, med eit større indre mørke enn det som har vore offentleg kjend, men mest av alt framstår han som raus og modig. Eg hugsar så vidt Rolf Just Nilsen i rollen som hoffnarr, men var for lita den gongen til å forstå at hoffnarren mellom anna representerte ein sviande samfunnskritikk mot det offisielle norske synet på atomvåpen. Det er synd at Rolf Just Nilsen ikkje er i blant oss lenger. Han kunne ha trengt hatten sin nå 🙂 Eg har alltid hatt ein svakheiter for hoffnarrar. Dei dukkar ofte opp i dikta og skodespela mine.
Heidi