Luke 7
Så er eg vel framme i Bærum etter ein kort dag på jobb, ein halvtimes venting på Bryne stasjon, buss for tog til Moi og ei lang og avslappande togreise der eg har strikka på ein liten matroskjole og lese den nye boka om Erik Bye.
På toget sat eg saman med ei godt vaksen dame, som først strikka selbuvotter og så spelte eit candiecrushliknande spel på mobilen sin. Det er herleg uforpliktande å sitja på toget, og deilig å bli henta med bil og hund. Eg har ete julegraut med mandel, funne mandelen og spandert marsipangrisen på husherren me har drukke kaffi og ete peparkaker med blåskimmelost og heimekokt plommechutney. Eg ser fram til ei roleg helg i Oslo. Det har gått opp for meg at det snart er jul.
Billedbøkene er ferdig trykte. Nå gler eg meg til å få sjå dei og ta på dei. Det er seint og nettet er litt dårleg. Eg kjem sterkare tilbake i morgon.
Heidi