Gå til innhald

Luke 21- Den mørkaste dagen i året

desember 21, 2017

852205D6-2E69-459C-A99E-D3F368725128

Den mørkaste dagen i året har vore lang og innhaldsrik, og har nå gått over til natt.  Siste skuledagen samlar lærarar og elevar det dei har att av krefter og innsatsvilje og så prøver me å få til ein fredeleg og fin slutt på dei heidundrandes skulevekene det alltid blir rett før jul og som står i teiknet av limpistolar, glitter, peparkaker og forestillingar. Eg trur det er fine og nyttige veker for både små og store, og nå treng me å landa og pusta litt roleg inn og ut før det er på tide å gå tilbake til «normalskulen i januar.»

Etter ein liten pustepause for dei tilsette på skulen med riskrem, mandel, julesong og tale var det å gå rett laus på neste etappe som festarrangør og dekoratør i heimen…

9F8DDBB5-BCFA-4E7A-B081-AB88E10B45AA

Eg trur eg har nemnd at medan andre melder at juletrea deira blir finare for kvart år, så må mitt bidrag til sinnets munterheit vera å nemna at om dei ikkje blir styggare og styggare, så held dei fram med å vera veldig rare… I dag prøvde hr og fru Juleglede å retta opp treet som i tillegg til å vera ekstremt høgt under greinene ( høyrde eg nokon nemna ordet sag), spesielt på baksida. Me har fått ein ny finurleg juletrefot etter å ha prøvd det meste av patentar. Denne virkar nærmast etter revesaksprinsippet. Ein pressar treet ned i ein ring og så sprett det opp metalltaggar som skal halda det på plass. Dette hadde skjedd, men treet var ganske skeivt. Me hadde ein seanse der fruen låg på magen under treet og lirka med foten (ja det var plass) medan husherren prøvde å retta det opp… Det å saga av stammen litt lenger oppe var på ein måte ikkje så aktuelt så lenge alt pynten var på…

Eg: Eg lurer bare på korfor me alltid ender opp med sånne merkelege tre…
Han: Det er for at me skal bli minna på det vakre i det ufullkomne…

Han veit å svara for seg, det skal han ha, juletrekjøparen min. Eg håpar ikkje det er eit ledd i ein konspirasjonsplan som ender med innkjøp av kunsttre… Dit er eg ikkje interessert i å koma… Han foreslår forøvrig at me kan ha englar og nissar sitjande på små stolar under treet når pakkane er opna og borte….

70D869BA-3838-4C6A-8AD4-0508C2380F47

Dagens aller finaste høgdepunkt var julekonserten i Undheim kapell med Bjarte Lending og Jorunn Undheim. Det var heilt nydeleg.

Så var det heim att til pyntinga. Min foreløpige slagplan er å pynta først og så rydda… Det to er kjedelegast…

Nå bør den mørkaste dagen i året bringast til kvile om natta skal bli lang nok. I morgon kveld kjem Sunniva heim frå Spania, og då skulle eg gjerne ha huset pynta og rydda. På dagtid skal eg vera barnevakt. Det gler eg meg til.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: