Velkomen vinterferie
Vinterferien er her. Nord- og Sør-Korea har marsjert inn på olympiastadion under same flagget, barnebarnet har ledd høgt i sofaen, og på Bryne silregnar det.
Eg drikk lokalt heksebrygg i form av store mengdar sitron, lime og ingefær med ein sprut akasiehonning for å bekjempa forkjølingsviruset som skal jagast vekk med alt som må til. Trettito år i barneskulen er forresten anbefalingsverdig kur for immunforsvaret. Dei siste to vekene har skulen vår vore ramma av ein influensaepidimi me aldri har sett maken til. Nokre dagar var ein tredel av elevane på trinnet sjuke og sengeliggjande og personalsituasjonen har vore slik at me nesten har teld barn og vaksene til stades på skulen og laga ein fordelingsnøkkel for dagen slik at me skulle få hjula til å gå rundt på ein best mogleg måte. Unntakstilstandar har faktisk sin eigen sjarm, ein blir litt rykka ut av rutinane som me vanlegvis held oss fast i, og stort sett er eg eit menneske som ikkje liker å vita nøyaktig kva som skal skje etter at eg har fått morgonkaffien min… Det er forresten fascinerande kva mengder snått og virussmitte ein kan vassa rundt i utan å bli sjuk. Det skal innrømmast at forbruket av paracet, halstablettar og papirlommetørkle hadde ein stigande kurve mellom oss vaksne den siste veka, så nå trur eg me er klare for å finna kvilepulsen.
Litt alternative opplegg måtte me finna på sidan me var underbemanna, så det vart eit Skrik-opplegg på trinnet med ei lyninnføring i ekspresjonismen og om Evard Munch, der alle først fekk mala skriket sitt, og så prøva å skriva det ned. Det ende opp med ein skrik-vegg på gangen.
Eg er forresten imponert over kollegene eg jobbar tettast med, det må det vel vera lov til å skriva på bloggen sin. I naturfagtimane har elevane fått vore med på å opna opp ekte lunger og hjarte henta frå slakteriet, fått sett heilt flate lunger blåsa seg opp til full storleik når dei blir blesne luft i, og fått demonstrert korleis ein set venflonar og sprøyter, ikkje dumt med lærarar med bakgrunn i helsevesenet. Dei har fått blåsa vatn ut av plastdunkar for å måla eigen lungekapasitet og dei har lært å filma og dokumentera forsøk på i-padane sine.
Dei har laga bøker om fantasidyr og oppfinningar ved hjelp av biletmanipulering og fantasi i norsktimane, og dei har laga spelefilmar i miniatyr om inkludering og utestengning. Etter ferien skal me i gang med eit stort litteraturprosjekt, og i den eine klassen skal me gjennomføra eit spiringsforsøk i Nyssgjerrigper-format. Dei andre klassane har sine eigne forskningsprosjekt. Eg har ei oppleving av at kreativitet og forskningsbasert undervisning er til stades i undervisninga vår i stigande grad, og det skal eg vera den første til å applaudera.
Dei som har vore i skulen like lenge som meg, kjenner til dei pedagogiske pendelsvingningane… Og i tilfelle nokon ikkje har fått med seg at eg meiner det: Skulen er ein fantastisk arbeidsplass ein kvar einaste dag får strekt det ein måtte ha av begeistring, kreativitet, tålmod, romslegheit, sosial teft, organiseringstalent og krefter. Kvar einaste dag kjenner me på ting me kunne ha fått til endå betre og rett som det er kjenner me kor godt det er når klasseromslivet «swingar» på ein måte som er nesten magisk.
Etter jul har veret vore mykje meir vennleg enn i oktober, november og desember, og det har blitt mange fine turar med og utan barnevogn. Nå er det mykje lysare om ettermiddagane og det er nesten som eit aldri så lite streif av vår innimellom.
Og kva skal så bruka ferien til? Jo, eg skal ut på noko som eg trur kjem til å bli veldig fint. Eg og Leif set oss på flyet i morgontidleg for å reisa til Spania der me skal besøkja Sunniva i Valencia og vera i lag med henne der i ei veke. Ho studerer spansk dette året, og er utvekslingsstudent på eit spansk universitet. Eg er veldig lite glad i å fly, så eg har den defekten at når ein ferie inneber flyturar så klarar eg ikkje heilt å gleda meg til turen før eg er vel framme. Det å landa for meg kjennest ofte nesten som å få livet i gave… Heldigvis er eg ikkje slik at eg begynner å grua for flyturen heim, eg er flink til å leva i nuet…
Nå er det snart pakking på gang. Og eg må finna ut om eg skal ut og gå dei titusen stega mine eller om eg skal sjukemelda meg for å bli heilt frisk av forkjølinga. Ein frisk tur i regn er vel meir til gagn enn til skade, er eg redd…
Ein av dei tinga eg har lyst til å gjera mykje av i ferien er å skriva. Eg håpar det kan bli både diktskriving og reiseblogging. God ferie til alle som er like heldige som meg…
Heidi