Gå til innhald

Alt bra

februar 4, 2018

0FC7291A-8BAF-4CB7-8E90-5E4A30441E6ESidan det er rekordlenge sidan sist innlegg, har eg fått spørsmål om alt er bra. Svaret er heldigvis ja. Her sit eg på sofaen med strikketøy  og ullpledd og ein høgtmalande katt på aksla og vil forfatta eit beroligande  livsteikn.

Det har vore travle dagar, store strikketøy, gilde bøker, gilde folk, mange sosiale treffpunkt, gilde turar og rekordstort sjukefråver på jobb. Sjølv har eg halde meg på beina, og det aktar eg å fortsetja med.

I helga har eg vore barnevakt og trillepike, lese ut ei bok, vore og sett på konkurransar i elitedans, vore på thai-restaurant med venner og dramatisert blinde Bartimeus på sundagsskulen…

Eg har skrive om Carola sin Hey Mickey til bruk i tiandeklassemusikalen med ny tittel: Hei Donald! Så har eg laga bollesuppe på salt lammekjøt slik bestemor og morfar gjorde det, og invitert barn og svigerbarn til å eta  suppe saman med oss.

Nå er det bare ei arbeidsveke att til vinterferien. Kanskje det blir ei god skriveveke. I alle fall ser eg fram til å skriva reiseblogg i vinterferien 🙂

AF506918-88D1-45D8-8297-1892F9237124

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: