Harmoniske folketonar og kvite fuglar
I går lova eg at eg skulle skriva litt meir om gilde ting eg hadde vore ute på. Det skjer så mange fine ting på kulturfronten her i området, så det er vanskeleg å velja både kva ein skal få med seg og kva ein skal skriva om, men her vil eg trekkja fram to opplevingar eg har hatt dei siste vekene.
«Harmoniske folketonar» var ei samansett forestilling der Per-Øyvind Johannessen song nye tekstar han hadde laga til gamle folketonar. Han hadde ogmed seg maleri han hadde laga til tekstane sine. Han var på turne i lag med Michael Crummins som viste seg å vera ein utruleg flink barbeint el-gitarist. Han spelte til Per-Øyvind sine songar, og løfta dei til tider litt ut av folketonesjangeren.Han hadde og eigne solonummer.
Det med å gje nytt innhald til gamle folketonar var ein spennande ide, som eg nesten fekk lyst til å stela. Teksten under er kanskje den som gjorde sterkast inntrykk på meg. Han er skriven på melodien «Så ta da mine hender», som ofte er sungen ute ved grava i gravferder, eit vers før og eit vers etter jordpåkasting og senking av kista. Kanskje nokon kunne ha tenkt seg å heller bruka denne teksten? Sidan sommarfuglen er eit gammalt symbol for død og oppstode, så kan han passa godt på blogginnlegget på langfredag.
Så spant du silketåden for siste gang.
Du lukket stilt kokongen og sang vår sang.
Alt det jeg var ble vevet inn i evig fred.
I jordens mørke fant jeg et hvilested.
Når natten er som mørkest og alt er stilt,
er morgenlyset nærmest, det lyser mildt.
Jeg tørker mine vinger når dagen gryr.
Og alt jeg var er nyfødt. En sommerfugl flyr.
Per-Øyvind Johannessen
***
.
Den neste opplevinga eg har lyst til å vidareformidla er forestillinga «Kvite fuglar». Hallgjerd Byrkjeland formidla tekstar av lyrikaren Tor Jonsson på ein nydeleg måte og fortalde og om livet hans. Cellisten Katarina Svendsen spelte vakker musikk som utfylde og kompletterte det som vart lese og fortald. Noko av musikken var skriven direkte til tekstane til Tor Jonsson.
Denne mannen som har skrive så mykje vakkert hadde eit stort mørke i seg og over livet sitt. Bare trettifem år gammal valde han å gjera slutt på seg sjølv. Det er lett å stå på sidelinja og tenkja på kor trist det var at ingen var der og tok handa hans og fekk han over kneika slik at han fekk lyst til å leva vidare og lyst til å skriva meir.
Heldigvis vil dei fleste av oss leva. Det er mitt håp at me er flinke til å sjå kvarandre slik at me kan rekkja ut ei hand når ein av oss er i ferd med å drukna i skuggar. Det er lys og skugge i alle liv. At den kristne tradisjonen og kyrkja viar ein dag i året til å ta mørket på alvor, strippar altarbordet for lys og blomar og let alt vera liding, har eg djup respekt for. Den kristne kyrkja har feira påske før, og me veit at snart opnar det store og frigjerande lyset seg og viser at lyset er sterkare enn mørket, livet er sterkare enn døden og kjærleiken sterkare enn hat og vonde makter. Dette unisone «Ja Han er sanneleg oppstanden», har ljoma gjennom heile kyrkjehistoria. Eg håper ikkje dette alvorsaspektet forsvinn frå påskefeiringa i generasjonane som kjem heller… Det vonde finst. Det gode er sterkare.
Heilt til slutt vil eg sitera ein Tor Jonsson- tekst som passar godt inn her. Og viss du som les dette kjenner at dette er to arrangement dei ville likt å ha med seg, så må eg bare sia at det var litt trist at ikkje mange fleire kom til kyrkja ein sundagskveld og til biblioteket ein laurdag føremiddag for å høyra. Det var god plass begge stadar. Når det er sagt så er eg fullt klar over kor utruleg mykje fint eg og stadig vekk går glipp av…
Nå til Tor Jonsson:
Skap meg ikkje om med skugge
Eg vil vera den eg vart
Eg er sorg i kvite klede
Eg er gleda kledd i svart
Skap meg ikkje om med glede
Eg vart den eg ville bli
Konge i eit ukjend rike
Slave i mi eiga tid.
Tor Jonsson
Heidi