Eg har ofte hatt meg vatn over hovudet
Sånn etterkvart
Eg har ofte hatt meg vatn over hovudet,
eg har hatt det ganske bra under der nede
langt under den blenkjande overflata
eg har snorkla forviten omkring
med kraftige beinspark og ope sinn
medan eg har beundra skimmeret av lys,
det skjulte livet under vatnet,
og alle nyansane av mørke og blåtonar.
Med håret flytande som tungt sjøgras,
og tankane skarpt fokuserte
på alt det fine ein får med seg,
når ein litt for sjeldan brukar ordet nei,
medan eg kastar raske blikk på oksygenmålaren
som fortel at eg har surstoff nok denne gongen og,
hender det eg lengtar litt tilbake
og framover
til livet oppe på land,
til komande sommarvindar
og varme svaberg under kroppen.
Eg veit jo at eg kjem til å finna alt saman att,
sånn etterkvart.
***
Med eit litt uferdig dikt og eit bilete frå creative commons om å vera under vatn, lar eg dette vera eit livsteikn frå akkurat nå. Eg kjem sterkare tilbake, det er bare litt mykje akkurat nå. Eg balanserer mellom ganske store prosjekt eg må få fullført og avrunda, og mitt eige snoflande, og ganske sjarmerande kvardagsliv. Det er ikkje alltid tida strekk til til alt ein gjerne ville ha gjort. Men å vera mormor og trava gatelangs med barnevogn får eg likevel tid til, og det er det aller viktigaste akkurat nå…
Heidi