Påske og tidsoptimisme
Med dette biletet av ei naturlaga vindharpe, vinkar eg frå skjærtorsdag. Eg øver på å akseptera at eg nok ikkje kjem til å rekka alt eg har tenkt å rekka i påsken. Eg veit at det er viktig å ta det med ro og ikkje springa frå seg sjølv og sjela si. Likevel må eg innrømma at eg er så svolten på liv og opplevingar at det nok er over grensa til det direkte grådige… I tillegg er eg uhelbredeleg tidsoptimist og trur at eg skal klara å strekka dagane lenger enn strikken i praksis viser seg å halda.
Nå i påsken har eg eit par ganske store skrivejobbar eg har lova meg sjølv å bruka tid på. I tillegg har eg lyst til å bruka tid på å skriva av rein skriveglede for eksempel her på bloggen. Så vil eg bruka masse tid på familien, lesa bøker, sjå film, vera i lag med gode venner, gå lange turar, for eksempel langs havet, strikka barnekofte utan å bruka mønster, vera i kyrkja og få med meg mest mogleg kukturelle hendingar i tillegg. Alle andre enn meg sjølv vil sikkert sjå med der same at dette reknestykket ikkje kjem til å gå heilt opp…
Så nå får eg øva på å tenkja at det eg ikkje får gjort i påsken får eg gjera seinare om det er så viktig at det må gjerast. Blott en dag ett ögonblick i sänder skreiv Lina Sandel i ein salme for lenge sidan. Eg har ein mistanke om at ho er ei klok dame. Eller som Phil Bosmans seier det: «Livet er ikke en motorveg mellom vugge og grav, men et sted til å parkere i sola.»
Ikkje vil eg vera ein av dei som spring forbi fordi eg trur at det eg har tenkt og planlagt er det viktigste i verda. Eg har forresten fått med meg veldig mykje kjekt dei siste vekene. Det skriv eg meir om seinare…
Heidi