1.mai = opna maiblogg
Det siste halve året har eg ikkje vore heilt den bloggaren eg ein gong var. Dagane har liksom ikkje heilt strukke til, men skriveelysta er der alltid. Nokre tradisjonar er vel verde å ta vare på, så for fjortande året på rad, går eg høgt ut, og erklærer at i mai skal det skrivast blogg kvar einaste dag.
Som det kanskje framgår av biletet øverst, så har eg vore austpå, og mellom mykje gildt fått med meg ein blåveistur i skogen. Eg oppdaga noko eg ikkje visste frå før, det finst faktisk krittkvite blåveis, eg har bare aldri kome over dei før. Det passar meg bra, eg liker fleirfarga fellesskap.
Eg hadde ei fantastisk helg på Hamar hos Astrid og Lars i lag med ein gjeng gode venner. Det er fint å vera saman med menneske ein har kjent lenge og fulgt gjennom skiftande landskap dei siste førti åra. På laurdagen var me med på arrangementet «Salig er tørsten» med fleire seminar, samtalesamling og foredrag før det vart avslutta med nattverdsgudsteneste i Hamar domkirke.
Temaet for dagen var stillhet, eit tema som i grunnen interesserer meg meir og meir. Eg er overbevist om at stillhet er godt for sjel og tanke, og eg kjenner det gjer godt når eg klarer å prioritera tid til å bare vera stille inn i dagane mine.
Eg reiste heim med nattoget og fekk på den måten maksimalt ut av helga. Det viste seg at toget var ein drøy halvtime forsinka då morgonen kom. Det gjorde at eg fekk med meg innkjøringa over Jæren i morgonsol. Det var ikkje ein feil måte å begynna dagen på.
I går var eg og eldstesonen på den første ekskursjonen for i år til eit hagesenter. Kvar vår legg eg inn aksjer for eit blømande gartnarliv og ein bugnande blomstersommar, og kvart år tenkjer eg at eg kanskje får det betre til neste år…
Dette er dagen for solidaritet, i dag må eg innrømma at solidariteten stort sett har kome jobben min til gode… Eg har hatt eit lite fjell av arbeidsoppgaver eg
har visst eg må få unna, og nå begynner det å hjelpa. Eit lite kaffibesøk av familien klarte eg å få pressa inn, og nokre timar med gullungen som nå er eit halvt år er alltid høgdepunktet i ein dag. Ho blir stadig tyngre i armane mine, og utviklinga går så fort at eg helst skulle ha henne her kvar einaste dag for å ikkje gå glipp av noko som helst.
Nå i kveld har eg gått tur i mjukt grått skodderegn. Eg har gått gjennom eit landskap med grønkande gras og sprettande bjørker, svana ligg på reir igjen, og hettemåkane skrik som stod det om livet. Gråspurven kvitrar og svarttrosten syng, og nyfødde lam ropar på mora si med tynne stemmar som eg alltid får litt lyst til å herma etter.
Velkomen til alle som måtte ha lyst til å gå i lag med meg denne månaden. Me skal nok få det til i år og.
Heidi