Meining med livet og ein flokk å høyra til i …
Det er kaldt ute, eg måtte slå på panelomnen på kjøkkenet fordi eg rett fraus d. Løvetennene blømer langs murane våre og eg har funne fram ei saks og i halvvegs desperasjon klipt to cm av panneluggen på reint augnemål framfor spegelen fordi eg plutsleg ikkje orka ha håret i auga eit einaste sekund til.
For ein halvtime sidan så kunne eg letta konstatera at alle nøklane mine, som eg først sakna då eg skulle låsa opp klasseromet i dag morges, låg i det vesle rommet i kofferten der eg håpa at eg hadde lagt dei.
Nå har eg brygga meg sterk kaffi som eg drikk av julegavekruset med bilete av barnebarnet, og rigga meg til framfor eit skrivebord som er så fullt av arbeidsoppgaver at eg nesten ikkje fann plass til å setja kruset ned.
Dagen starta godt og hektisk med ei god økt på tekstilformingsromet der ein gjeng femteklassingar er i ferd med å erobra kunsten å sy på symaskin og stryka saumar. Eit par av dei har allereie teke med seg eit godt gammaldags rutete forkle heim i sekken, med det me får velja å kalla sjarmerande nybegynnarsaum…
I desse timane er me heldigvis to vaksne, det er fint å kunna praktisera tolærarsystemet dei gongene det er mest nødvendig.
Elles har eg vore konsulent for ei modig dame som har skrive livet sitt ned på papir og gjerne vil ha litt korrekturhjelp. Ho serverte varm kaffi og nybakt marmorkake. Vel heime har eg hatt ein lang telefonsamtale med ei Kristiansandsvenninne som eg ikkje har hatt kontakt med på nesten trettifem år. Det var kjempekoseleg å bli oppdatert. Eg høyrer ikkje til mellom dei som synest at menneske ein ikkje har sett på tjuefem år er ute av livet for alltid, tvert i mot samlar eg på menneske eg ein gong i livet har hatt det fint saman med, og tenkjer at ein vakker dag så møtest me, og kan fortsetja å ha det fint i saman.
Sidan eg har skrive så lite blogg i det siste, så kjennest det nesten litt nytt og spennande å skulla skriva kvar dag. Heilt sidan eg la ut blogginnlegget i går, så har eg kost meg med tanken på kva eg kunne skriva i dag…
I helga vart det snakka om kva som er dei viktigste faktorane for god helse. Sosialmedisinarane meiner at det ikkje er eit bekymringsfritt liv utan kroppslege plager, ein veldig veltrent kropp eller ekstra romsleg økonomi som er det som gir god helse i vidaste forstand. Dei to viktigste helsefaktorane er det å ha ei meining med livet, det å tru at du kan utgjera ein forskjell for nokon og ha ei god sak å brenna for, i tillegg til å ha ein flokk å høyra til i. Flokken kan bestå av nær familie, gode venner eller ei gruppe menneske som slåst skulder ved skulder for dei same verdiane. Eg kjenner at eg trur på dette. Sjølvsagt bør ein halda seg sånn nokonlunde i form, og eta nokonlunde sunn mat, men det å ha ein stad å høyra heime med seg og heile livet sitt, det trur eg trumfar alt.
For kort tid sidan gjekk lyrikaren Arnold Eidslott bort, og eg vart minna om kor godt eg likar dikta hans. Eg oppdaga han då eg var tidleg i tjueåra. Eg las om han i eit den gongen eksisterande lyrikkmagasin, og las at han vart rekna som ein av dei store lyrikarane i samtida. Eg hugsar at eg vart både glad og veldig inspirert av å lesa om at ein så profilert kristen lyrikar fekk så stor grad av anerkjenning.
Nå har eg funne fram boka «Arnold Eidslott – Dikt i utvalg ved Jan Inge Sørbø.»
Tenk at Elvira Huskestuen har hyllemeter med diktbøker sortert etter forfattar slik at det er lett å finna det ein vil… Kven skulle trudd slikt… Det var rett og slett lett å finna fram til han. Nå vil eg lesa dikta hans i dagane framover. Ingenting kunne vel passa betre enn å markera det ved å ta med eit av dei her sånn avslutningsvis. Det får bli det som eg trur er mitt absolutte favorittdikt at dei Eidslott har skrive. Kven kan ikkje kjenna seg att i desse orda:
Facit
Jeg talte mine skritt
Ett frem og to tilbake
Jeg talte mine skip
Ett på havet og to på bunnen
Jeg talte mine duer
En flyvende og to fallende
Herren er en sterk vind
(Arnold Eidslott)
Heidi