Tida for å gå…
Eg har blitt heilt hekta på å gå, og ein kan vel bli hekta på verre ting…
Mobilen har eg i lomma, slik at eg kan samla litt på synsinntrykk samtidig.
I kveld har eg hatt turen min nede i havgapet og blitt pakka inn i måkeskrik og lydar frå tjeld og viper og mykje annan fuglesong frå fuglar eg ikkje veit om eg klarte å identifisera.
Åkrane lyste moldsvarte og lukta av tang og tare blanda seg med det me på jærsk pleier å kalla lukt av vår…
Tankane finn ei slags ro og spinn i ei blanding av bøner og ynskjer og ord og setningar som har lyst til å bli songtekstar og dikt.
Hald akslene dine på plass, seier eg oppmuntrande til meg sjølv, du kjem nok i mål denne gongen og…
Det er trøyst i orda til Arne Garborg, «Alt lagar seg, berre ein ikkje kjem i ulage sjølv…» Og i ulage har me ikkje tenkt å koma. Ikkje denne våren heller.
Heidi