Skip to content

Plutseleg og utan førevarsel…

mai 5, 2018

7FFAFECF-9C4C-4B5A-96EA-E20304FE8A18

På denne årstida har eg opplevd mange gonger at me går der og hutrar og lurar på kor forsommaren blir av. Veret er kaldt og hustre og me innser at det var ein overmodig feil å leggja vekk vinterjakke og støvlettar. Me dytter lengten om sol og varme tappert til sides og tenkjer at det blir vel kanskje litt sol ein vakker dag om lenge dersom me er heldige. Så plutseleg utan førevarsel opnar det seg nokre luker og så er me plutseleg der når me minst ventar det.

Ei slik oppleving hadde eg i dag. Eg gjekk ut ein tur for å få litt luft og trim og ein pause i det store skriveprosjektet eg held på med. Eg vurderte om eg måtte ha strikkejakke under kåpa, men tok sjansen på at det fekk halda med ein litt tynnare ein.
På Bryne møtte eg Leif Andenes som var ute på handel med ryggsekken sin, og var enige i at det var ikkje så ganske gale med veret likevel. Eg gjekk inn på kjøpesenteret der eg hadde nokre ærend og då eg kom ut var det rett og slett sol i Storgata. Stum av forundring oppdaga eg og at området rundt «Kongo» som har vore stengd i lange tider, plutseleg var klart til bruk. Bryne sentrum som harvore ein stor byggeplass det siste året framstod plutseleg som nytt, fint og velstelt. Eg måtte fotografera litt, slik at dei som ikkje var der i dag kan få sjå…

Eg har brukt mesteparten av dagen til å reinskriva tekstar til boka aeg lagar saman med kulturskuleelevane mine. Eg blir alltid imponert på dette stadiet over kor flinke elevane mine er. Det er eit arbeid eg på menge måtar kosar meg med, men det er veldig tidkrevande…

Så viss naboane i gata mi les dette… Det er bare derfor eg ikkje har fått det skikkeleg fint i bedet framfor huset sjølv om alle dokke andre har fått det kjempefint i hagane… Det er bare på grunn av at eg har hatt altfor lite tid…

Derimot har min kjære mann i år gått laus på hagearbeid med ein energi eg aldri før har sett… Kanskje familien Harboe rett og slett er på veg inn i prydhagefasen?

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: