Gå til innhald

Take these broken wings and learn to fly

mai 6, 2018

9DB10EFE-FD41-4FCC-A292-39B2283A3919

Det er mykje svarttrost i området der me bur. Nå er det tida for fuglesong.Det kvitrar og pippar og skrik og tirlar over alt i stadig grønare tre. Eg må innrømma at eg er spesielt svak for den melankolske og mollstemde svarttrost- songen. Det hender at eg ser den kolsvarte hannen med det oransjegule nebbet sitja på ei grein og syngja. Andre gonger høyrer eg bare lyden av han.

Eg blir minna om den vakre songen Paul Mc Cartney har skrive.

Blackbird singing in the dead of night
Take these broken wings and learn to fly
All your life
You were only waiting for this moment to arise
Blackbird singing in the dead of night
Take these sunken eyes and learn to see
All your life
You were only waiting for this moment to be free
Blackbird fly, blackbird fly
Into the light of the dark black night

Han har sjølv gitt to ulike forklaringar på korleis songen oppstod. Den eine seier at han under den berømte meditasjonsturen til India saman med dei andre Beatles-medlemmane høyrde ein svarttrost synga ei natt, og fekk inspirasjon til songen.Den andre forklaringa er at songen er ei støtte til afro-amerikanske kvinner i kampen for borgarrettar.

24CFB75D-49D1-49BB-A3D8-81CF5117CF02

For meg er det ein song om mot. Om å våga å fly sjølv om ein har brukne venger.
«Take these broken wings and learn to fly» er ei umogleg oppgåve. Likevel skal ein gjera det.

For meg vekkjer det tankar om at me ikkje skal la oss hindra i å leva og fungera og tru at det nyttar, sjølv om alle menneske har utfordringar. Nokre menneske har så store utfordringar at ingen ville klandra dei for å gje opp draumane sine, likevel står dei på og det hender dei klarer det umoglege. Ikkje tru at du er den einaste som må fly med brukne venger, og ikkje la nokon fortelja deg at du kan gløyma det fordi det rett og slett ikkje let seg gjera…

Eg lar Sigvart Dagsland og koma til orde før eg loggar av for i dag:

Her komme me di umulige,
hånd i hånd me di utrolige,
me ska få te det umuliga,
om me bare våge tro det utroliga…

Var det ikkje slik det var? Eg trur det…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: