Å aldrast med begeistring
I kveld har eg vore i syttiårsdag hos ei flott dame i lag med mange fine damer som har vore kolleger av meg gjennom mange gode år. Eg set stor pris på dei. Det fine med akkurat denne gjengen er at i akkurat den samanhangen føler eg meg framleis ung. Dei aller fleste er pensjonistar nå, og sjølv om det er ein gjeng der nye har kome til, er ganske mange av dei dei damene eg begynte å jobba i lag med då eg som ung og nesten heilt nyutdanna lærar gjekk inn dørene på Bryne skule for første gongen for snart trettito år sidan…
Me har sunge masse i lag og ledd endå meir, me har mimra og snakka saman om livet slik det er nå. Det har vore gode ord til jubilanten, flotte smørbrød og kaker. Me har hatt ein veldig triveleg forsommarkveld saman i surt vestlandsver. Sist helg var eg i lag med venner som er på terskelen til å bli pensjonistar. Dei fortalde om eit veldig fint foredrag dei hadde vore på med tittelen «Å aldast med begeistring», eller kanskje tittelen var på bokmål «Å aldres med begeistring». Eg hugsar ikkje kven som hadde vore føredragshaldaren, eg falt bare pladask for tittelen og fekk nesten litt lyst til å gå i gang med det med det same, å aldrast med begeistring,
Eg er den siste til å seia at eg kjenner meg gammal, til å snakka om komande pensjonstid eller til i det heile tatt å ta utsagn i min munn av typen «Eg kjenner at eg ikkje er tjue lenger.» Men akkurat den setningen bestemte eg meg der og då både for å adoptera og praktisera. Visst vil eg aldrast med begeistring… Når den tida ein gong kjem, kviskrar eg diskret til meg sjølv i ein parentes.
I dag hadde eg lyst til å ta med meg eit nyskrive dikt til Berit som feira rund dag. Eg lurte på om nokon kunne koma til å ta det feil opp på nokon måte. Eg opplever ikkje på nokon måte denne gjengen med damer som stort sett er frå fem til tjue år eldre enn meg som verken gamle eller aldrande. Eg presiserte derfor så godt eg kunne at dette fekk vera eit dikt for framtida… Illustrasjonen over er eit bilete av grafikaren Tor Arild Aspeland. Biletet viser ein ver som gjer speidarhelsing, og tittelen på biletet er «Ver beredt». Det får me prøva å vera alle saman på kvar våre måtar…
Og diktet eg skreiv i føremiddag,- her er det
Å sitja på ein benk
i ein blømande høgsommarhage
og sjå åra susa forbi,
å jogga energisk gatelangs
i kompresjonstights
for å halda fylgje med tida,
visst skal me gjera begge deler.
Me skal ta sats i himmelhøge saltoar
både på tysdagar og torsdagar,
og kvar einaste gong skal me landa att
med beina trygt på bakken.
Så skal me stå der,
i dette forblåste landskapet vårt,
som me aldri kan klara å slutta å elska.
Me skal stå der med nordavind i håret
og eit og anna solstreif ytst på nasetippen
og høyra svarttrasten synga.
Me skal opna hendene og ta i mot,
me skal vita at me er heime i vårt eige liv.
Så skal me dansa vals og tango med tida
og pusta ho roleg inn og ut
medan me aldrast med begeistring.
***
Heidi