Gå til innhald

Elvira Huskestuen blir student?

mai 7, 2018

Først av alt så kan eg jo skryta litt av at eg vart intervjua i helga:

0E1C2A74-4500-4AC9-A2CF-FE0A9C8504AA

Ein kunne kanskje forledast til at her var det snakk om eit ryddig menneske med utfordringane i livet under kontroll… Nå kjem det fakta som kan koma til å gje ekte ordensmenneske pustebesvær, de er med dette advarte…

Som sikkert mange har fått med seg, så har det vore mykje snakk om kompetanseheving i skulen. Lærarar med mangelfull utdanning skal vidareutdannast… Nå skal det føyast til at utdanninga mi slett ikkje var mangelfull då eg gjekk ut i lærarverda. Eg hadde femårig allmennlærarutdanning, der det inngjekk tre grunnfag spesialpedagogikk, forming og kristendomskunnskap. Lite visste eg då at det ikkje var ei gyldig utdannig for all framtid. Det dei spør etter nå er norsk, engelsk og matematikk og ikkje forming og slikt…Etter å ha undervist i norsk i snart 33 år held ikkje utdanninga mi mål lenger reint kompetansemessig, men enn så lenge underviser me på dispensasjon…

Det er laga gode ordningar for å kunna ta vidareutdanning, og ei av dei er å få to fridagar i veka til studier. I min kommune er det bare ein på kvar skule pr år som kan få denne, så nå har eg søkt på nettbasert studie i norsk på toppen av jobben. Eg har motivert meg til å tru at dette skal bli interessant, men sidan dagane mine er i overkant fullpakka allereie, må eg vurdera kva eg må kutta ned på.

I sist veke fekk eg mail om at eg måtte verifisera at eg fyller kompetansekrava som ligg til grunn for å bli student, det vil seia at dei treng vitnemåla mine. Det høyrest jo greitt nok ut, men kor er vitnemålet mitt frå Kristiansand lærarhøgskule datert 1983? Ein eller annan plass må det liggja, men deg har ikkje trengt det på fleire tiår, og kor var det nå me pleidde å gøyma den slags?
Er det noko eg ikkje har tid til akkurat nå, så er det å leita huset rundt.

I går kveld gjekk eg laus på oppgåva likevel, og han eg lever i lag med har meir kontroll på verdipapir enn meg. Me fann ei gammal mappe full av vitnemål og attestar frå den tida slikt framleis var på papir, men mine vitnemål var der ikkje. Nå har eg leita og leita i ringpermer og øskjer og nesten våga livet ved å få ringpermar stabla på tvers på toppen av hyller til å begynna å rasa ut. Eg har leita i plastkassar på loftet og i hyller på forlatte barnerom…

Til slutt fann me alt me trong i den første mappa me leita i, det låg der likevel i ein eigen plastlomme med noko anna ytterst. Me fekk det avfotografert, men så viste det seg at me måtte logga oss inn via bank-id for å finna staden det skulle plasserast. Bank-id brukar eg nesten aldri, så eg hugsa ikkje nummeret. Heldigvis kunnne eg logga meg inn i nettbanken for å endra bank-id-en… Nå har eg skifta passord på innlogginga der og for eit par månadar sidan, fordi banken min bad meg om det. Plutseleg vart eg i stuss om kva det nye passordet var, og eg har klart å tasta feil to gonger, og har fått beskjed om at viss eg gjer ein til feil så blir kontoen sperra…

Nå har fru Huskestuen tatt skrivepause for å sjå om ho klarer å roa hovudet nok til å hugsa rett på det siste fatale forsøket. Viss ikkje blir det vel å krypa til korset og ringa nettbanken…

Kanskje Fru Huskesuen skal ta eit hint frå det underbevisste systemet om at ho kanskje ikkje har studiekapasitet på grunn av «Overfylt hard-disk?» Den dama har det med å vera ganske uthandande når ho har sett seg noko i hovudet, så det blir kanskje student av henne til slutt likevel? Fortsetjing kan koma til å fylgja…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: