17.mai
Det har vore ein fantastisk fin 17.mai. Veret har vist seg frå ei ganske sjarmerande side det og. Dersom me hadde hatt vekevis med regn, ville me blitt overlukkelege om det kom ein nasjonaldag med blå himmel, sol og kald vind. Nå har me vore bortskjemde med sommarvarme, så då legg me litt betre merke til vinden. Kombinasjonen litt overtrøytt lærar, ein porsjon pollenallergi, ein eksplosjon av lærar og barn i bunadar og korpsuniformar og det å vera generelt lettrørd, vart nesten litt i overkant for meg i dag. Då eg skunda meg mot sentrum for å møta Ingrid, Oddvar og Iben for å sjå på barnetoget, var allereie mascaraen i ferd med å renna bort. Så måtte eg jo ta meg saman ved synet av eit stykk barnebarn med bunad, flagg på vogna og blondeskaut, som sat og smilte med to miniatyrtenner og var klar for sin første 17. mai. Hadde det i tillegg dukka opp eit mannskor med kvite songarluer, hadde eg sikkert begynt å hulkegrina. Triggarane for rørelsestårer er ikkje alltid forutseielege, barn med tende lys i hendene er så sin sak, men eg snufsar like inderleg over skulekorps, mannskor og eldre menn som sit aleine på kafé og et middag. Det mest pinlege er at eg ofte blir rørt på foreldresamtalar når eg skal fortelja ei mor eller ein far kor fantastisk barn dei har. Det siste er nesten på grensa til det litt uproffe…
Sidan eg var komen i mål med masse god 17.mai mat, tok eg ein spontanoppsamling av alle søsken, svograr, svigerinner, søner, døtrer, svigerbarn, barnebarn og foreldre som er i nåbar avstand og inviterte til samling etter barnetoget. Alle dei varsla dukka opp så på det meste var me tretten til bords. Det vart veldig koseleg. Klokka seks skulle eg lesa dikt og fortelja på 17.mai-fest på Saron. Slike oppdrag er alltid litt spennande, men alt gjekk fint og folk høyrde etter. Eg har fullt av uskrivne tekstar og mengder av kreative idear i hovudet, som eg av og til får veldig lyst til å setja ut i livet. Langt der bak sviv det ei forestilling som eg ikkje får heilt fred for, men sidan dei andre involverte ikkje veit om det endå, skal eg ikkje skriva meir om det her. Eg vandra lykkeleg heim frå Saron med ein veldig lang blomsterbukett med liljer og lange strå. Det var ein kunst å få han heilberga heim utan at han brakk i vinden, men eg klarte det faktisk.
I morgon tidleg set me oss i el-bilen og kjører til Bærum for å feira pinse der. Det skal bli fint. Det kjem til å bli ein del ladepausar, så eg burde pakka i kveld for at me skal kunna koma oss tidleg i veg i morgon, men eg trur rett og slett at eg er litt for trøytt, det får bli litt full fart pakking i morgon og kanskje litt ekstra søvn før me reiser. Det er jo lyse kveldar nå; Eg har kome så langt som til å finna fram sommartøyet frå kjellaren, dei melder ikkje så verst ver, trur eg.
Sunniva har hatt sin siste eksamen i dag. Når ein studerer i Spania så risikerer ein å bruka 17. mai til den slags. Nå skal ho bare ha ein praksisperiode på ein norsk skule i Spania, så er ho rett og slett utdanna lærar ho og. Eg håpar ho blir like fornøgd med yrkesvalet som eg har vore.
Heidi