Gå til innhald

16.mai

mai 16, 2018

Teknisk sett er det 17.mai allereie, men eg opererer med at ein ny dag begynner etter at det har vore natt, og eg har sove. Det kan koma til å utvida døgna bittelitt, i alle fall liker eg å inbilla meg det. Nå har eg prøvd å førebu dagen i morgon og eit planlagd besøk der «foreldre og barn og litt til» er inviterte på besøk etter barnetoget. Eg kan dessverre ikkje by på eit nyvaska hus med reine vindauge og lukt av grønnsåpe, det rakk eg bare ikkje. Derimot har eg bakt ei ganske avansert kake som eg aldri har prøvd meg på og laga heimelaga rips-is i store mengder. Det har eg aldri prøvd på før, men eg veit at det smakar kjempegodt.

Det med husvasken var ikkje ironisk meint om nokon skulle tru det. Eg nyt å bu i eit reint og ryddig hus, det er bare relativt sjeldan eg verkeleg får oppleva å gjera det. Vaskehjelp kvar fjortande dag hjelper på, då må det ryddast på førehand. Elles så får eg bare innsjå at med mine prioriteringar, som ser ut til å vera bortimot uhelbredelege, så er det ikkje tid til så mykje husarbeid som skal til for at alt skal vera fint til ei kvar tid. Kanskje eg kjem dit ein vakker dag. I dag har eg forresten laga eit heilt nytt ord. «Katteluking» Det har ikkje med luka i kjøkkendøra, der katten går ut og inn å gjera. Det er bare rett og slett lukevarianten av ein kattevask. Eg innsåg ein gong ut på ettermiddagen at ein skikkeleg opprensing hadde eg ikkje tid til, så katteluking fekk duga…

I ettermiddag nådde eg ein trilletur i vinden med godlabadne, ho er eit blidt og tålmodig menneske som eg helst vil vera i lag med alltid. Då eg sykla heim i sju- halv åttetida hadde dei pynta så fint utanfor skulen rett her borte med norske flagg og bjørkelauv. Det skulle ikkje meir til for å få eit litt overarbeida og lettare sentimentalt menneske rett inn i 17. maistemning. Eg har prøvd å pynta litt her heime og. I tillegg til det som lot seg finna i beda, kjøpte eg ein billig bukett med raude roser, og gleda meg over å laga 17.maibukettar. Eg gleder meg til i morgon. Eg har alltid likt nasjonaldagen, og han er blitt ganske mykje meir lettvint når me ikkje lenger har ansvaret for oppgira ungar som ofte hadde problem med å sova natt til 17.mai. I tillegg var det slik at det ofte dukka opp russ i morgongryet for å vekka lærarane sine, og sidan eg deler hus med ein av dei, kunne det bli vekking med mykje lyd. Slikt har dei slutta med. Me skal ikkje pynta fire ungar i bunadar, eventuelt korpsuniform og få dei av garde i rett tid til eit barnetog som tidlegare skulle i veg mykje tidlegare enn nå. Me har ikkje ein gong russ i heimen å bekymra oss for lenger, så 16.mai-livet burde vera ganske roleg. At eg framleis ikkje er i mål tyder vel på at me tilpassar oss nye fasar slik at me klarer å få det travelt då og. I dag sluttar eg med den finaste nasjonalsongen eg veit, fedrelandssalmen er mykje meir lågmælt og sympatisk enn «Ja vi elsker,» synest eg.

 

Gud signe vårt dyre fedreland
og lat det som hagen bløma,
lat lysa din fred frå fjell til strand,
og vinter for vårsol røma.
Lat folket som brødre saman bu
som kristne det kan seg søma.

Nå er det i Noreg atter dag,
med vårsol og song i skogen,
om sædet enn gror på ymist lag,
det brydder då etter plogen.
Så signe då Gud den gode såd
til groren ein gong er mogen.

Elias Blix

God 17. mai kjære landsmenn.

Heidi

 

From → Uncategorized

One Comment
  1. Irene permalink

    Takk ! Dette var gode kveldstanker for meg. Ønsker deg en god nasjonaldag 🌸☀️🍀💚

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: