Gå til innhald

Thessaloniki første dagen i august

august 1, 2018

95DD3CA3-433D-49AD-8701-4CA9B91DC6EF

Nå har eg sitte på den vesle verandaen vår høgt over dei fire kjørebanane på vegen nedanfor og sett på solnedgangen over Thessaloniki som ser omtrent sånn ut. Det er siste kvelden vår i denne byen, og den første dagen i august. August er ein månad eg har eit sterkt og varmt forhold til, men han overraskar meg kvart år med å koma alt for tidleg.

Eg måtte bruka nokre timar på føremiddagen til å gjera ferdig språkvasken på boka vår. Leif brukte tida på å finna ein hyggeleg frisør og få klipt håret sitt. Ho fortalde at ho hadde to små barn, og eigentleg ønska seg eitt til, men ho visste ikkje om det kunne bli råd med det for ho måtte jobba til sju om kvelden kvar einaste dag for å få hjula til å gå rundt. Det same måtte mannen, så ho var avhengig av at syster hennar passa barna etter barnehagen. I Aftenposten stod det for litt sidan om ein gresk kelnar som fortalde at han jobba sju timar sju dagar i veka og ikkje hadde råd til ferie. Dette var fordi han i tillegg til å forsørga familien måtte forsørga foreldra sine.

Det er lett å sjå at ikkje alle grekarar har mykje pengar å rutta med. Mange bur i veldig fattigslege strøk og arbeidsledigheita er stor. Frisøren Leif var hos fortalde at fleire av vennene deira hadde flytta utanlands i håp om jobb og betre tider. Det er ein nyttig tanke å ha i bakhodet at den hyggelege kelnaren og den blide dama i hotellresepsjonen kanskje aldri har hatt råd til slik luksus som å reisa på ferie…

Då me kom oss ut i dag gjekk me gjennom litt mørke bakgater ned til sentrum. Målet vårt vart eit fotomuseum der greske fotografar stilde ut arbeid. Tema for utstillinga me såg var «Identitet» og «Sjølvportrett» . Eg likte mange av bileta veldig godt. Det var lov å fotografera der utan blits. Eg blir litt i tvil om kor vidt det er lov til å leggja ut fotografar sine arbeid på bloggen min, men her er ein collage med noko av det eg såg som eg la ut på Instagram i dag.

9629CCFF-5E56-46FC-A451-D8720295A61E

Fotografane som skal krediterast for bileta over er Georgia Masatma, Anastasia Vlacaki, Nastassa Kademiri og Katerina Tsariki.

Museet låg nede ved sjøen og det var ein liten kafé der med fin utsikt. Ei dame sat der og jobba,og to menn sat og drakk kaffi og såg ut vindauget i meditativ taushet. Det var så stille at eg følte eg bråkte når eg opna ein boks iste og tasta på mobilen.

53265651-69AE-44E0-BE7B-BFBA868D9721

 

Utanfor var det veldig varmt og veldig vakkert.

Planen var å oppleva gatelivet i handlestrøket, men medvandraren min foreslo ganske fort ein kaffipause på ein hipp kafé der det var laga til slik at ein fekk inntrykk av å sitja ute, bare det at det falske uteområdet var airkondisjonert slik at det var 25 grader der i staden for 35 som det heilt sikkert var ute på gata.

A522B4B0-D470-438E-AACF-2280CCC4651B

Sidan min lokale turoperatør tydelegvis toler varme dårlegare enn den langt yngre kona si, var han ikkje til å få med seg ut av det nedkjølte lokalet. Eg måtte rett og slett ta handlegatene aleine.

Eg måtte bare gå inn i ein kjempestor bokhandel og nyta synet av alle bøkene sjølv om alle er på gresk. Her nede er eg fungerande analfabet, og akkurat det er ei nyttig erfaring for eit menneske som driv leseopplæring. Eg merker at eg prøver å gjetta meg til ord skrive med det kyrilliske alfabetet ut frå dei bokstavane eg kan. Eg prøver og å knekka bokstavkoden ved å kjenna att ord og overføra dei lydane eg trur teiknet betyr til andre ord. Sjølvsagt gjer det ikkje jobben lettare at eg stort sett ikkje forstår eit einaste ord på det språket orda er skrivne på. Men plutseleg finn eg meg ein oversikt og puggar bokstavar. Me skal vera her halvanna veke til…

I dag slapp me inn i ei kyrkje, kanskje fordi frua til mannen i shorts hadde på kjole, eller kanskje fordi det ikkje var ei messe på gang. Den kyrkja me gjekk inn i er via Sofia, som ikkje er ein helgen, men det greske ordet for visdom. Denne kyrkja var ulik dei i Romania og Bulgaria. Ikona var ikkje så mange, ingen kom inn for å kyssa dei, og det var stolar i romet slik at folk kunne sitja i staden for å stå eller knela ned på golvet. Kanskje dei andre kyrkjene me har sett i sommar og dei me såg i Ukraina er russisk- ortodokse? Denne reknar eg med er gresk- ortodoks av naturlege grunnar. Tante reisande Mac får halda fram med sitt erfaringsbaserte forskningsprosjekt i ortodoks trusforståing. Uansett så er kyrkjer gode rom å vera i.  Det er godt å vera i eit så fint rom med så lange gudstenestetradisjonar å bare vera stille og la pust, tankar og kropp bli til ei bøn.

Etter kyrkjebesøket var turen komen for middag. Me fartar ofte rundt ei stund før me bestemmer oss. Ein eg gjekk saman med ville gjerne på ein veganarrestaurant me såg på eit hjørne… Me ende opp med meir tradisjonell mat. Eg åt greske kjøttbollar med rå løk og paprikasaus. Det smakte godt.

I morgon må me tidlegare opp enn me har hatt for vane på ferien, for då ventar toget til Athen. Eller, det er akkurat det det ikkje gjer, det ventar ikkje…

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: