Sundag på Santorini
Me var tidleg oppe for å gå dei førtifem minutta det tar sånn omtrent bort til hotellet til Ingrid og Oddvar. Me skal passa gullungen i drøyt eit døgn medan «ungdomane» er på Ios for å halda utdrikningslag for brur og brudgom. Den enklaste løysinga var å låna både baby og hotellrom i eit døgn.
Det går to vegar mellom dei to hotella. Bilvegen er nok kortast, men han er smal og utan fortau og trafikk- kulturen er omtrent som i Athen… Den andre vegen er og litt smal og kronglete, men nesten utan bilar, og i tillegg veldig vakker.
Klokkene ringte og folk var på veg til sundagsmorgonmesse i dei små kyrkjene langs vegen. Nokre av dei i svarte kjolar. Eg lurer på om det framleis er skikken at enker kler seg i svart. Nokre av dei svartkledde damene eg såg var sikkert under sytti år, men altså kledde omtrent slik eg hugsar at oldemor, Brynhild Strand, var det for meir enn femti år sidan heime i Norge.
Me høyrde song frå ei av kyrkjene og kikka inn. Akkurat som i Athen sat kyrkjefolket på benker. Akkurat nå har eg ein hypotese om at ein sit på benkjer i gresk-ortodokse kyrkjer og står eller kneler på golvet i dei russisk- ortodokse. Folk som veit meir enn meg om dette, må gjerne driva litt forsiktig folkeopplysning i kommentarfeltet.
Det første me gjorde etter å ha vinka til foreldra, var å kjøpa litt mat på den lokale matbutikken. Frokosten på det hyggelige vesle hotellet vårt består av kaffi og eit stykke sitronkake. Norske magar treng litt meir brød og ost og sånn, så det fekk me tak i. Så langt har den aller yngste turisten tatt ferielivet på strak arm. Ho flørter og pludrar, smiler og viser kor stor ho er. Grekerane ser ut til å vera veldig barnekjære, så ho får masse merksemd frå både hotellansatte og andre, og det har ho ingen ting i mot.
Ei smånevrotisk mormor, det vart eg akkurat då eg såg det fantastiske hotellet, kjem til å overpåpasseleg kvart einaste sekund, for hotellet ligg som ein gresk landsby i ei fjellside med utvendige marmortrapper fem etasjar ned til basseng og resepsjon. Her blir det ikkje snakk om utandørs krabbing eller gåing langs bord og vegger, og gåtrening inne på det harde flisegolvet må og vera under streng observasjon… Men det er vidunderleg vakkert her i tilfelle nokon skulle betvila det.
Nå søv veslegull føremiddagsluren sin i vogna på balkongen, og morfar inne på hotellromet. Mormor sit som ein stolt gammal hauk, eller kanskje snarare ugle, ein meter frå barnevogna og nyt livet med eit stort og svulmande mormorhjarte. Eg minner meg sjølv om at eg i grunnen klarte meg ganske bra på den tida me var på ferie i utlandet med fire små barn, så dette ansvaret skal me nok vera i stand til å bera på relativt strake armar.
Ha ein god sundag alle saman ❤
Heidi
Eg har vore på gresk-ortodokse gudstenester der ein står …
Dette får me ha som eit forskingsprosjekt i tida framover, Heidi 🙂