Gå til innhald

Størst av alt er kjærleiken

august 10, 2018

 

9D468FAA-F716-4AA5-9A8C-B128ED2390B7

Sidan kjærleiken i alle sine former fortener all den plassen han kan få i denne verda, sidan eg har fått lov av Elisa, og sidan nokon hadde veldig lyst til å sjå bilete, så tek eg sjansen på å fortelja litt meir frå ein uforgløymeleg kveld på Santorini. Sjølve viinga fann stad under ein rosenkledd portal på eit opphøyd platå med klipper ned mot havet. Det var sett inn kvite silkedekte stolar til oss som var der og stolar på podiet ved roseportalen. Her kjem brura opp midtgangen med ein stolt pappa.

CDDEDDA0-68BB-4EEC-BF50-597F9A268921

Her er dei via av Hilde Sirnes, til høgre under portalen. Eg blei rørt over at brudeparet hadde lyst til å bruka bryllaupssalmen eg skreiv til Ingrid og Oddvar «Vinden bles frå ville havet», det skulle visa seg å passa her og. Det bles så pass at portalrosene regna ned på oss.

F85EF96F-AC15-4620-86F8-BD624C5146BBOg så var det fotografering. Fotografane ville mellom anna ha dei opp på eit tak, og Pippi Langstrømpe, Elisajenta frå barndomen, ho med oransje musehalar som likte seg best på øverste greina i det høgaste treet dukka opp. Ho stod aleine på pynten av eit hustak som frå ei scene i  Titanicfilmen, med sløret flagrande som eit stort segl i vinden. Dessverre har eg ikkje bilete av akkurat det. Plutseleg kom det eit vindkast som var så kraftig at sløret flaug sin veg. Heldigvis vart det funne att i nokre buskar…

Då sola gjekk ned klokka åtte vart det pause i middag og program for å ta fleire bilete i ein av dei solnedgangane Santorini er så berømt for. Det skal godt gjerast å finna vakrare kulisser for ei feiring av kjærleiken.

Det var program heilt til klokka eitt om natta, både talar, danseinnslag, songinnslag, filmar og bilete. Det som rørde meg mest var den heilt openlyse kjærleiken dei viste kvarandre og familiane sine. Eg ynskjer dei alt godt som tenkjast kan.

FEFF17CD-267D-4056-9BF0-2FF74EDCDFFCFor å få med dei finaste bileta har eg lånt frå Sunniva og Leif sine kamera.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: