Gå til innhald

Haustferie

oktober 13, 2018

Det har vore så fint med haustferie. Me har fått tid til å reisa litt, ta det rolegare enn vanleg, og vera litt heime. Eg har og brukt litt tid, men kanskje ikkje så mykje som eg hadde tenkt på kompetansehevingsstudiet mitt i norsk. Det er interessant, eg er sikker på at det virkar både bevisstgjerande og inspirerande å halda på med. Då eg begynte tenkte eg at det fekk visa seg etterkvart kva eg måtte kutta ned på. Dagane mine var jo nokså tettpakka frå før… Fram til nå har det faktisk gått fint å leggja studiet på toppen av alt det andre, det eg kjenner det går mest utover er blogginga og det å skriva litterære tekstar. Det er plutseleg den halvtimen eller timen dagen ikkje har plass til. Det er trist, men det får kanskje vera slik dette året? Nå har eg bestemt meg for at i dag vil eg bruka litt tid på skriving, sjølv om eg kanskje eigentleg burde… Eg har bestemt meg for at skriving er viktig.

E76C7586-3FD3-41ED-B2D9-2C593AEE424A

To turar austover har det blitt tid til i haust.  Eg liker så godt hausten på austlandet med kald klar luft og blad som rekk å henga så lenge på trea at dei rekk å få skikkelege haustfargar. At eg i åra som austlending faktisk lengta litt heim til skikkelege hauststormar er ei anna historie. Eg har det godt i vest med ein og annan tur som klimaflykting i austen. Biletet over er forresten frå Mandal. Me kjørde el-bil med eit lite flyttelass som skulle til Sunniva, så då må det leggjast inn ladepausar.

Eg liker området der Sunniva bur, og eg liker å vera i lag med «ungane» mine.  At dei er vaksne alle saman, til og med dei som bur i Oslo, gjer ikkje at eg sluttar å lengta etter å ha dei rundt meg. Denne gongen rakk me akkurat å få vera med på å feira Halvard sin 24-årsdag på ein koseleg indisk restaurant på Majorstua. Me fekk og nokre koselege føremiddagstimar i lag med Heidi og Per Inge som har flytta til Grünerløkka dei og.

Me er så heldige at me får bu på «Hotell i særklasse» hos Eva Mari og Henrik. Austnorsk klima og fargespekter svikta oss ikkje.  Dette må eg bare ha med meg kvar haust så sant det let seg gjera.

73618B9A-8E0B-4394-A044-957C4E955C74

På tysdagen sette me oss i bilen igjen til ein ny lang tur med seks innlagde ladepausar gjennom den norske hausten. Me fekk nokre timar i lag med Jan og Hilde og  nydeleg krydra gulrotsuppe og nysteikte vaflar på kjøpet. Så mange gilde folk me kjenner.

Vel heime hadde me to gebursdagsfeiringar i familien. Først var alle samla hos mor og far for å feira mor sin dag, og i går var det vesle Iben sin tur til å feira sin aller første store dag. Me var i stova vår, for der var det best plass.  Ho er det finaste me har. Eg har fantastiske minne og hadde tette band til begge mine flotte og veldig forskjellige bestemødre. Det gjer at eg ser veldig stort på mormor-rollen. Eg gleder meg over alt som er og alt det som koma skal.

I dag var det lett å kjenna at eg var tilbake på vestlandet. Det var dagen for lange regnkåper, svarte gummistøvlar og horisontalt regn. Det er heilt ok det og. Faktisk kan det vera ganske fint. Eg har i oppdrag på studiet å koma med ei munnleg framlegging av korleis me jobbar med den første lese- og skriveopplæringa på skulen vår. Heldigvis stilde min kjære kollega Elise som informant og intervjuobjekt. Me bestemte oss for å møtast på Coffee-berry, den nye plassen på torget som eg ikkje har rukke å vera på før i dag. Det hadde dei akkurat slike plaststolar som me hadde i blå versjon på kjøkkenet i barndomen. For ein koseleg plass. Der skal eg vera meir. Kanskje sitja der og skriva? Det er ein fristande tanke…

Og så vart det ein tur i regnet og vinden i Bryne-området. Så fint me har fått det her etterkvart.  Så måtte eg henta meg heim til pliktene. Nå skal eg førebu ferdig sundagsskulen i morgon, eit kurs eg skal halda på tysdag, lesa litteraturen eg skal ha lese til forelesninga på måndag, leggja opp strikketøy til ei ny gruppe elevar i kunst- og handverk, og førebu nokre vikartimar på måndag og tysdag. Så må eg tenkja gjennom dei to timane på tysdag kveld der eg skal møta ei gruppe tiandeklassingar for å begynna på arbeidet med ei tiandeklasseforestilling, som me må bli nokonlunde ferdige med manuset til ei god stund før jul. Her gjeld det å pusta roleg inn og ut og ikkje stressa…Eg har tenkt å ta meg tid til å skriva nokre utkast til dikt og viser og. Eg har så mange tankar som gjerne vil ut og finna nye former…

Snart er ferien over. Eg er allereie litt innhenta av kvardagen, som ein kan lesa i avsnittet over. Men heldigvis; For nokre fine kvardagar eg bur i…

17C91426-0442-4652-BA52-59885B1F3358

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: