Nettstudent Huskestuen
Den siste oppgåva i nettstudiet høyrdest tilforlateleg og grei ut. Me skulle opptre gruppevis på ein film, som skulle mekkast i det digitale grupperomet mi gruppe har fått tildelt. Der skulle alle først fortelja om begynnaropplæringa i lesing og skriving på sin skule, etterpå skulle me diskutera med utgangspunkt i teoriane me har gått gjennom. Eg tenkte at dette skulle vel gå bra, sjølv om eg må innrømma at gruppeamlingar på nettet med menneske ein ikkje kjenner er ganske merkeleg. Me sit der og smiler framfor kvart vårt webkamera, me kjenner ikkje kvarandre og får aldri blikk- kontakt. Eg hadde snakka med fleire av førsteklasselærarane og hatt ein lang kafesamtale med Elise. I tillegg har eg jobba i første klasse fleire gonger og meinte eg hadde rimeleg kontroll på både det som foregjekk der og på teorien.
Me hadde avtalt å gjera filmopptaket på torsdag kveld klokka 20.30 fordi det var då alle kunne. At me hadde koseleg besøk frå Bærum og at yngstesonen plutseleg stod uanmeld og overraskande på kjøkkengolvet den same ettermiddagen, var bare veldig koseleg og skulle ikkje leggja nokon som helst dempar på gruppeprøven. Alle som har jobba i skulen veit at vekene er forskjellige. Nokre veker er ekstra krevjande av mange ulike grunnar, og denne veka hadde av mange grunnar blitt ei slik veke. Me er etterkvart blitt ekspertar på intern oppdekking når nokon er borte, og saman klarer me det meste. Då eg kom heim denne torsdagen var eg så trøytt at det sitra i heile kroppen, men eg var ikkje i tvil om at eg måtte kunna klara å kvinna meg opp til gruppeprøven. Fordi eg var så ør i hovudet, skreiv eg ned alt eg hadde tenkt å seia i innleiinga, og ulike teoriar eg ville fletta inn hadde eg på eit ark. Det bekymra meg litt om eg ville klaa å ikkje gå over mine fem minutt, men eg taima det fleire gonger for meg sjølv og tenkte at dette bør gå bra. Eg la det fram fleire gonger for meg sjølv og kjende på at det å sitja og sjå seg sjølv på ein skjerm samtidig som ein snakka ut i lufta ikkje var det som gav mest energi til einetalen.
Då eg logga meg på var alle der allereie , og då me sjekka lyden, fekk eg vita at dei høyrde meg veldig dårleg. Eg fekk det litt betre, men tenkte at eg fekk snakka veldig høgt som om det var til ei stor forsamling i ein sal utan mikrofon, og det har eg då gjort før. Lyden frå dei andre høyrdest ut som roping i mine hodetelefonar og det fekk eg ikkje til å fiksa på sjølv om eg prøvde etter råd frå dei andre å finna innstillinga, så fekk eg det ikkje til å virka. Eg prøvde å ropa på mannen i mitt liv, kongen over datateknologi, men han hadde sykla ut for å handla og gi meg fred under opptaket. Eg tenkte at eg fekk gapa i min mikrofon og halda ut med ropinga i øyretelefonane, det skulle vel gå bra. Det vart til at eg var siste mann ut med informasjon frå min skule, og dei andre hadde med roleg og stø stemme sagt nesten alt eg hadde tenkt å seia. Då eg skulle til med den høge utestemmen og mine punkt så vart eg litt nervøs og følte at stemmen vart skingrande og stotrete. Då me skulle spørja kvarandre spørsmål, fekk eg det spørsmålet eg var minst førebudd på å seia noko om, nemleg det med storyline og begynnaropplæring, men eg håpar svaret vart ok. Eg oppdaga at eg hadde gløymt fleire av punkta eg hadde skrive ned, og tenkte at eg fekk koma innpå etterkvart.
På gruppesamtalane har eg hatt ei kjensle av at eg er den av oss som lett snakkar i munnen på andre, så eg var veldig konsentrert om å halda meg i skinnet og ikkje masa i eitt og oversnakka folk, ein uvane som eg er nokså bevisst om at eg kan ha. Då det nærmar seg slutten av innlegget vårt skjer det i verkelegheita som kunne ha skjedd i eit mareritt. Den skalaen eg utan hell hadde prøvd å regulera ein halvtime tidlegare for at lyden frå dei andre skulle bli litt lågare kom plutseleg opp på skjermen min utan at eg hadde rørt noko som helst, og som styrt av ei spøkelseshand gjekk skalaen ned til null, og eg høyrde ikkje eit kvekk… Eg skreiv febrilsk på chatten me hadde framfor oss. «Eg mista lyden, høyrer ingenting, skjedde det med dokke andre?» Eg såg dei andre snakka vidare på kamerabileta og fekk skrive inn i chatten at dei høyrde kvarandre. Dette var som klippa ut av eit stressmareritt, men var verkeleg.
Om den som skal evaluera oss såg på mitt kamera såg dei ei febrilsk dame i femtiåra med håret til alle kantar som trykte febrisk på det meste i håp om å få tilbake lyden. Så forsvann ho frå seansen og kom tilbake med ein kvithåra dataekspert som heller ikkje kunne hjelpa fru Huskestuen. Eg skreiv på chatten: «Mannen min trur eg må logga av og på for å sjå om eg får lyden tilbake, så det gjer eg.» Då eg etterkvart vart logga på gjorde eg det så grundig at eg var tredobbelt innlogga og høyrde min eigen stemme med dobbelt ekko. Då var dei andre klare til å avrunda. Eg følte at eg hadde øydelagd for alle, og rekna med at alle var slitne dei og. Eg lurte på om det som hadde skjedd var veldig øydeleggjande, men stilde aldri spørsmålet om me kanskje burde gjera det på ny. Dei andre meinte at eg hadde vore med på samtalen nesten heilt til slutten og at dei ikkje trudde det ville øydeleggja opptaket vårt. Eg kjenner på at det er ei krevjande arbeidsform. Me hadde fått beskjed om at dette ikkje skulle øvast inn, det skulle vera ein spontan samtale… Dette var bare ei oppgåve me får bestått eller ikkje-bestått på, men ein av eksamenane våre skal foregå på denne måten, så det er bra me får prøvd oss.
Og eg tenkjer at dette har eg godt av. Eg er van med å kunna snakka meg nokså overbevisande ut av det meste, men nå har eg lært at ein mikrofon som eg ikkje heilt får til å fungera var ein stor dempar på talegåver og taleførheit. Eg oppdagar og kor godt det gjer meg å kunna ha blikk-kontakt med dei eg skal prestera i lag med, og at eg stort sett kan lena meg mot ein grunnleggjande relasjon når eg skal prestera noko saman med andre. Eg får lyst til å synga som Tore Thomassen: «Hei her er jeg, jeg heter Heidi og er ganske grei, hei her er jeg… Vil du være venner med meg?» Men det seier kanskje litt om sjølvbiletet mitt at eg gjerne vil dei andre skal vita at eg er ganske grei og eigentleg ganske flink, når eg sit der og stotrar med dobbelt ekko og ein dårleg mikrofon, med stressroser i kinna og håret til alle kantar fordi eg prøver å skyva hodetelefonane og mikrofonen i ein stilling som kan gjera at høyreklokkene og mikrofonen kanskje vil fungera bittelitt meir som ønska….
Eg har og godt av å kjenna på at av og til går det ikkje slik ein har håpa, og at det kan vera lurt å ta det bittelitt roleg den dagen oppgåva heiter eksamen slik at hovudet ikkje er så fullt av all slags andre tankar. Det verste som kan skje nå er at me blir bedt om å ta opptaket om igjen fordi det ikkje vart bra nok, og det overlever me, eventuelt at kandidaten Huskestuen må senda inn ein liten solo-snutt med pedagogisk drøfting av begynnaropplæring i norsk. Ho skal nok stå i det og. Men det viktigste er at ei av dei andre på gruppa mi skal bli med meg inn i det digitale grupperomet på eit avtalt tidspunkt og eg skal stå der inne med ein liten hær av søner og ektemenn og ekspertar som skal prøva å hjelpa meg å finna ut av kva som gjekk gale. Det kan kanskje tenkjast at eg må kjøpa meg ny datamaskin, men den herverande ekspertisen trur helst det skuldast menneskeleg svikt…
Og skjedde det ikkje verre ting i verda, så hadde ingen grunn til å fortvila, heller ikkje kanditaten Huskestuen som må kjempa litt med sitt eige «Flink-pike-kompleks» når det gjeld eksamenar og slikt… Nå håpar eg bare ikkje at det gamle stafettkomplekset frå gymtimane i barneskulen, der eg visste at det var ein reell fare for å øydeleggja alt for gruppa si, og for at kjennsgjerninga ikkje alltis vart pakka inn i silkepapir etterpå, skal begynna å spøka i gruppearbeid-hjernen min…
Heidi