Godt år !

rhdr
I går tok me oss tid til å høyra kongen sin nyttårstale. Han innleia talen me å sitera frå ordspråka i bibelen:»Bevar ditt hjerte framfor alt, for livet utgår frå det.» Det var omtrent slik eg ville begynt min eigen nyttårstale dersom eg var invitert til å halda ein slik. Her på bloggen min, kan eg halda så mange talar eg bare vil, så her kjem det ein for dei som har lyst til å lytta eller snarare lesa.
Eg følte meg nesten litt på lag md kong Harald. Dei siste diktbøkene mine «Ta heller med deg hjertet ditt», og «Eg høyrer heime i livet», handlar om sånn omtrent akkurat dette. Eg veit jo at kongen har gode hjelparar når det gjeld taleskriving, men eg er likevel sikker på at det han seier i denne den viktigste talen i året, er det som ligg han på hjartet. Det gjer sjølvsagt ikkje kongen til ein mindre klok mann at han helsar spesielt til alle lærarar, helsearbeidarar og alle andre som gjer sitt beste for at andre menneske skal føla seg sett og ha det bra.
I talar er det både lov og god skikk å sitera andre. Derfor vil eg først sitera mi kloke venninne Gunn Olufsen som skriv i nyttårshelsinga si: «Ha det gildt og vær gilde med hverandre». Så klokt og enkelt kan det seiast på den jordnære gode jærske måten. Ulf Ludvigsen skriv i si helsing at det er håp for verda så lenge dei aller fleste menneske vil kvarandre vel. Det er eg veldig enig i.
Det er lett å tenkja seg livet som eit rotterace der dei sterkaste overlever og det gjeld å trø kvarandre ned for sjølv å koma seg fram. Ofte blir der framstilt omtrent slik i mediabiletet, det meste er farleg, og det er mange onde menneske der ute. I mitt hovud er ingen menneske bare onde eller bare gode, likevel ser eg ofte spor av det gode. Eg ser menneske som iler til for å hjelpa, trøysta og støtta kvarandre, eg ser menneske som gjerne vil gjera sitt til at det felles livet vårt her på jorda skal bli best mogleg for dei fleste.
Det store spørsmålet er korleis me skal organisera oss best mogleg for å gjera verda betre. Mennesket er flokkdyr, men som alle flokkdyr har me lett for å skilja mellom vår eigen flokk og andre flokkar. Me treng nokon å meina, tenkja og tru saman med, og har det som nesten kan virka som eit instinkt for å frykta andre flokkar som trur, tenkjer og meiner annleis enn oss, og byggja fiendebilete. Måtte Gud og alle gode krefter hjelpa oss å bryta ned murar i staden for å byggja dei.
Kongen snakka om dei små tinga, korleis smil, vennlege ord og gode blikk kan vera med på å løfta det gode opp for andre menneske. Det har eg stor tru på. Eg håpar me i året som kjem kan vera flinke til desse små og utruleg viktige handlingane som ein kanskje kunne kalla kvardagssolidaritet. Eg håpar og at me saman kan tenkja dei store tankane og dei lange linjene. Korleis tek me vare på jorda? Korleis skapar me ei meir rettferdig verd? Kva må me vera villige til å gje slepp på i vår flokk for at andre flokkar skal nyta godt av ei meir rettferdig fordeling.
Medan eg skriv dette er eg barnevakt for det vesle barnebarnet mitt som søv den første føremiddagskvilen sin dette året. Ho møter livet med blind tillit og blir like overraska kvar gong det skjer ting ho ikkje hadde sett for seg. Det å snubla og detta får henne til å hyla ut i overrasking over at slikt kan skje. Eg veit at denne graden av tillit ikkje er noko me i same grad ber med oss resten av livet, men eg ynskjer henne mest av alt eit liv i tillit til livet og til andre menneske. Eit liv der ho blir boren til ho blir i stand til å bera seg sjølv og andre menneske. I denne improviserte nyårstalen må eg ta med noko som er noko av det aller viktigste for meg. Kanskje eg er yrkesskada etter 33 år i skulen, men det får så vera… Hald auga vidopne for alle barn enten det er barnebarn, eigne barn, venner av barn du kjenner, naboungar eller ungar du møter på bussen. Det går sikkert an å oppdra eit barn utan ein landsby i ryggen, men for ein del barn er det som bergar dei at nokon utanfor familien, same kven det er, er klare til å sjå dei, respektera dei og elska dei. Eg har sett ein tendens til at det er meir og meir nærliggande for folk å tenkja «mitt barn» i ein flokk av andre individ. Eg trur me som samfunn er veldig tente med at alle tenkjer «våre barn» både om barna i ein klasse, i ei gate og i eit lokalsamfunn.

nfd
Denne fantastiske kaka som Gunnar bakte til nyttårsfesten i går får stå som eit symbol på oppsummeringa av orda mine. Ha det gildt, ver gilde med kvarandre, og måtte me alle bli meir innstilde på å dela.
Heidi