Å pakka jula vekk
Eg må bare innrømma det. Det gjer vondt å pakka jula vekk. Eg innser at det var gode grunnar til å gjera det nå; Juletreet har begynt å få tørre bleike nåler, i morgon samlar speidarane inn juletre i gata vår, jula er over, eg deler hus med allergikarar, me er mange som bur her akkurat nå, og golvplassen kan trengast til andre ting enn eit overtidig juletre…
Likevel, eg har prøvd meg med litt barnslege strategiar for å halda på julekosen litt lenger, og irritert meg litt over at speidarane, som eg for alt i verda gjerne vil støtta kombinert med at dei befrir oss frå å ha eit juletreskjelett på verandaen til langt ut i mai, ikkje kjem om ei veke i staden for i morgon. Eg har og nevnt for dei eg deler hus med at mange etter gammal skikk held på at det er jul til tjuandedagen…
Lenge tenkte eg at sjølv om juletreet for, så kunne me halda ei vekes tid på det andre, men plutseleg var stova full av plastboksar til oppbevaring av julepynt, og min ellers eiegode mann var i ferd med å samla inn englar i heile stova for å leggja dei oppi… Eg ende med å måtta resignera, innvendig høyrde eg for meg setningen frå ein tidlegare populær song: «Everything comes to an end.»
Eg er ikkje mellom dei som likar at ting har ein ende. Eg vil helst få lov til å velgja sjølv kva eg vil skal avsluttast, og det er for å vera ærleg ikkje så mykje. For meg er det ei velsigning at det går an å vera gift med den same mannen og halda på den same jobben heilt til ein blir sparka eller boren ut. Eg har framleis ei venninne eg har hatt sidan før eg begynte på skulen, og barndomsvenninnene frå barneskulen ville eg ikkje drøyma om å ikkje halda kontakten med. Og så er det jula, eg er jo ikkje ferdig med jula…
Eg sørger over at eg ikkje fekk endå fleire kveldar der med familie og gode venner og levande lys og røykelse, varm gløgg, juletre og adventstjerner i vindauga. Eg snakkar strengt til meg sjølv om minner meg om kva Henning Sommerro skriv i Vårsøg. «Når hausten kjæm, og kvardagslivet venta, da ska e takk for sommarn som e fekk». Slik er det sjølvsagt med juler og. Flinke og takknemlege vaksne takkar for jula dei fekk i staden for å sørgja over at ho er forbi…
Det må innrømmast at ein del av julepynten aldri rakk å bli funnen fram fordi det er blitt så mykje av han. Det skal og innrømmast at i kveld vart det kasta eit par gebrekkelege nissar og englar frå den tida eg hadde barn i barneskulen, fordi desse var så herja med at eg ikkje har teke dei fram dei siste åra. Nå er det tomt for dorullenglar og skeivklipte glanspapirlenker i julekassane våre, men kanskje det kjem nye etterkvart…
Då han eg deler livet med foreslo å kasta mykje meir, var eg slem nok til å halda opp ein avskalla gipsnisse med gapande munn frå hans eigen barndomsheim. Kanskje me skulle kasta den? Det skulle me ikkje… -Det er utruleg kor sentimentale fleire enn meg blir med gjenstandar som har fulgt oss gjennom heile vårt juleliv, og som objektivt sett ikkje har nokon estetisk verdi lenger, dersom dei då nokon gong har hatt det…
Det hender at eg smiler litt av desse rare rituala me utfører. Ei dame med sans for humor sa at mykje av julefeiringa er ei blanding av teater og realityshow. Det har ho sjølvsagt litt rett i, og eg trur at rituale er ganske viktig for menneske. «Same prosedure as last year», dei fleste av oss finn ei viss glede i det. Kanskje fordi både jula, påsken og 17.mai heng i oss frå me var veldig små og har i seg spor av den magien og mystikken eit lite barn opplever ved dagar og tider som er heilt annleis.
Nå er jula pakka vekk, og eg sit her og skriv og lyttar til Jul i P2 på podcast… Eg må jo sørgja for å få med meg alle episodane før jula er over. Eg trøyster meg med at ting lett kan gå bra. Det kan veldig godt vera at me er her alle saman neste år når jula skal pakkast ut og vera ny og ubrukt. «Viss ingen går i fella, men passar seg for den, skal alle om et år få feire jul igjen…» Og nå er juledukane etter svigermor, julekulene til bestemor og dei førti år gamle papirserviettane i hard papir som svigermor aldri fekk brukt opp, pakka fint ned og klare til då, saman med dei raude julelysa me aldri fekk brent og adventserviettane som var til overs pakka og klare til då.
Så får eg trøysta meg med at artsmangfaldet mellom oss menneske er så stort at nokon sikkert har kjend stor glede ved å pakka jula vekk. Det unnar eg dei…
På biletet øverst kan de sjå kor tom ei stove blir når julepynten er pakka vekk og dei to yngste har reist tilbake til Oslo…
Heidi