Gå til innhald

Romjul

desember 29, 2018

<em>IMG_20181229_000117_916

Då eg eit par veker før jul var ute på julehandel i lag med Odd Christian, kjøpte eg ein gave til meg sjølv som eg ikkje har hatt tid til å forhalda meg til før i dag. Det var ein eigenarta variant av sjangeren julehefte som såg slik ut:

IMG_20181228_235822_881

Tittelen «Rein poesi» appellerte sjølvsagt til meg. Biletet øverst i innlegget er ein av til- og- frå- lappane som fulgte med. På innsida av juleheftet kom dei med fylgjande programerklæring:


Dette juleheftet er til alle dem som ikke fikk til kalendergavene i år heller. Til dem som brenner ribba, aldri helt finner takten, ble for full på julebordet i år igjen …»

Eg kan forsikra dei som måtte lura om at eg ikkje vart full på julebordet, men eg kan absolutt tenkjast å vera mellom dei som kan tenkjast å brenna ribba.
Ellen Wisløff som har skrive forordet skriv vidare at ho i fjor fekk ideen til eit mollstemd julehefte, og at ho fekk Aschehoug forlag med på tanken.

Ho avsluttar med fylgjande avsnitt:

Og hvis juledrømmen krasjer for mye med livet sjær, skal jeg tenke: Det er bare jul. Og så lar jeg støvet ligge, tenner et stearinlys, og leser Ruth Lillegravens tekst:

«og så, trass alt det skitne og skakke
og skeive, vil det være jul igjen

slik det blir jul til sist

uansett».

IMG_20181228_235930_195

I kveld fekk eg altså tid til å fordjupa meg i dette bladet. Det var fint. Det er mange fine tekstar der som eg gjerne skulle sitera, mellom anna «Når nettene blir litt for lange» av Helge Torvund og «God jul til jula» av Gro Dahle. Det får eventuelt bli ein annan gong…

IMG_20181229_000240_206

Dette juleheftet fekk eg av Torhild nokre veker før jul. Det fekk eg og lese i kveld. Her og står det mykje fint.

Og framleis skal eg halda litt på jula, den på sin måte sjarmerande, litt skakke og halvpolerte jula i heimen min som aldri blir heilt som den i kulørte juleblad.

IMG_20181227_181957_312

Men som er fin likevel. I dag stod me tidleg opp for å senda Sunniva tilbake med toget, men det viste seg at ho hadde gjort ein feil då ho kjøpte billetten slik at det ende med ein ekstra føremiddag på Bryne og ein flytur heim. Ein ekstra føremiddag var jo ekstra bonus for dei av oss som helst vil halda lengst mogleg på julegjestene. For å sitera eit kjærleiksdikt: «Vi skilles så ofte, vi møtes så sjelden…» Men her skal det ikkje klagast. Det er velsigna fint å få julegjester, og ein av dei har me framleis buande.

IMG_20181227_095501_424

Og ganske mykje kom eg då i mål med før jul. Eit av prosjekta var dokka til barnebarnet.

IMG_20181228_120604_581

I morgon flyttar ein liten familie inn hos oss og skal bu her under ombygginga av huset sitt. Då eg var liten budde eg i eit hus med mor og far og lillebror, bestemor og morfar og tre onklar. Nå skal me prøva oss på litt av det same ei stund. Eg reknar med det vil by på både store gleder og på nokre utfordringar me nok skal finna ut av.

mde

mde

I dag har eg delvis sitte klistra og sett sjakk på fjernsynet. Det er merkeleg at det skal vera så spennande sjølv om eg ikkje har spelt eit einaste parti sjakk i heile mitt liv, og ikkje ein gong er sikker på systemet av flytting av brikker. I tillegg har eg fått med meg Howards End og minnekonserten for Kim Larsen. Eg ser vanlegvis lite fjernsyn og kosar meg med å ha tid til det.

Så må ein jo eta opp mat ein vanlegvis ikkje har i huset. I mitt tilfelle lefser og jærgome, strengt tatt handla inn mest til meg sjølv på gardsutsaleg på veg til Sandnes. Det minkar i kakeboksar og skålene med riskrem og moltekrem er tome. Snart er me tilbake til langt sunnare kvardagsmat, og det er sikkert det beste. Nå skal me likevel nyta resten av ferien og tenkja gode tankar for året som snart skal koma. Nokre bøner kjem og vel med i ei verd som vaklar sin skeive gang gjennom tider som skal koma og henrulla.

Alle har me ting me fryktar og ting me engstar oss for. Heldigvis har og dei fleste av oss håpet om at det gode skal skje, og at det gode skal få større plass i verda. Ein del av oss har til og med ei utprega og optimistisk tru på det gode. Sjølv må eg innrømma at eg trudde verda var på veg til å bli meir human og rettferdig. At menneskeheita hadde blitt meir sivilisert og at menneskeverd, menneskerettar og humane verdiar var noko som automatisk kom til å prega verda meir og meir framover.

Framleis vil eg gjerne tru det, men det har gått opp for meg at det kanskje likevel ikkje er ein naturlov at ting kjem til å bli betre for alle menneske på jorda. Kanskje er det slik at me må bruka vår eigen stemme og ropa så høgt me kan at me vil verna menneskeverdet og livet på jorda, og at me vil jobba for ei meir rettferdig verd sjølv om det kjem til å kosta oss privilegier me ikkje så gjerne vil gje slepp på? Eg kjenner at eg allereie er i ferd med å prøva ut stemmestyrken min.

Og eg ynskjer av heile meg eit godt år for alle som les dette. Måtte det gode skje og skje.

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: