Gå til innhald

Stuntpoet på sykkel

juni 20, 2019

IMG_20190619_195354_829

Etter ein lang ettermiddag der eg til slutt kom i alle fall nesten i mål med noko eg ikkje er så veldig flink til, nemleg å rydda meg ut av eit skuleår, få levert timelister og laga fakturaar og reiserekningar, så var det deilig å bruka kvelden på noko heilt anna.

For ganske lenge sidan vart eg spurt om eg kunne tenkja meg å dukka opp på ei personalavslutning ute i ein hage for å lesa dikt for to flotte kolleger som skulle gå av med pensjon og i tillegg lesa nokre sommardikt for heile forsamlinga. Slike utfordringar fell eg ofte for fristelsen til å svara ja til, og det var veldig triveleg å gå inn i rollen som bekymringslaus stuntpoet etter å ha jobba meg stuptrøytt og klar for ferie. Sidan det eine temaet var overgangen til noko heilt nytt, måtte eg setja meg ned og skriva litt om tersklar og dører.

Tersklane i livet
kjem ofte før du anar det,
Du har hatt det så travelt
med vegen,
med alt du skal bera med deg,
og alle du skal ta vare på
så du har mest ikkje rukke
å oppdaga kva som skjer
før du står der og skal opna
døra til alt det nye
løfta ein fot om gongen
og trø over terskelen.

Du veit det vil visa seg
sånn etter kvart
kor livet og tida
skal ta deg hen.
Det skal bli bruk for
den du er
når minutta og timane
kjem for å omfamna deg,
for å ta i mot deg,
for å bruka deg,
for å bera deg vidare.

Men først er det tida
for å snu seg litt
smila til alt som har vore,
trekkja pusten djupt,
og kjenna til di glede
kor mykje du har å ta med deg
før du langsomt opnar døra
inn til neste kapittel,
før du som i undring løfter føtene
og rett og slett bare trør over terskelen
og blir klar for nye rom
og nye vegar.

*
Ei handfull sommardikt som eg har skrive for lenge sidan måtte eg og ha med,
eg trur jammen eg byr på eit par sommardikt her og sidan eg er så godt i gang.

Sommarvelsigning

Måtte du få møta deg sjølv att
med sol på ryggen
og sand under føtene.
Måtte rabarbraen knasa
surt mellom tennene dine,
måtte hendene dine bli fylde
av svarte solbær
og luktene frå eit nesten nedbrend bål.
Måtte auga dine
bli fulle av sommarvarme
slik at du vågar å sjå.
(Frå «Eg høyrer heime i livet», 2017)

Særleg i valmuevekene

Særleg i valmuevekene,
dei sanseleg raudoransje
med svarte munnar
skal me finna einannan att.

Vest for engene,
like ved fjøresteinane,
kviskrar bølgjene,

om det hemmelege
til strandnellikane
som engsteleg klamrar seg fast
i trulaust drivande sand.

Særleg då skal eg hugsa
at det er deg
eg skal dela jordbæra mine med.

Me skal fylla sansane
med mogen sommar
og eta.
(Frå «Fotnoter i sanden», 2012)

Heidi

From → Uncategorized

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: